Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 4, 2010

Bygda kontrar Grünerløkka

Dette bildet tok eg rett utanfor døra her på Hjelmeland i Bygstad der eg befinn meg for øyeblikket. Klokka var to om natta og det var fullmåne. Om eg går like langt utanfor døra mi i Oslo, havnar eg midt i eit, unnskyld uttrykket, jævla bilkryss, overkjørt av ein lastebil. Eventuelt midt i eit tog av kaffe latte-drikkande småbarnsforeldre med to tonn økologisk barnemat i lomma på ei eller anna off road barnevogn blant kubikkmeterstore søppelkassar smekk fulle av pizzapapp og eingongskaffebeger på Olaf Ryes Plass. Det er vel liten tvil om kva som er mest behagelig. Av og til lurer eg på om folk som held ut i byen år etter år nokon gong har prøvd seg på eit lenger opphald her ute i periferien. Til alle slike bymensj som opplever maks lykke når dei puster inn rein eksos medan dei drikk kaffe av eingongsbeger, kan eg anbefale eit opphald i den Sunnfjordske bushen: naturperle utan plagsomme turistar, med genialt smale vegar som garantert gir deg årets nervekikk, eks antal muligheter for å k...