Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 15, 2012

Ja til eliteskuler og -klasser

Erik Solheim skulka skulen, den slasken. Eg forstår han godt. Så lågt nivå som ein måtte forhalde seg til både når det gjaldt lærarar og undervisning gjennom barne-, ungdoms og vidaregåande skule, var det ikkje særleg hensikt å møte opp i timane. Du møtte opp for å høyre på ein eller anna lærar som stod og lirte av seg eit eller anna du kunne frå før. Det var ikkje særleg givande. Pensum var enkelt, undervisninga kjedeleg og det gjekk sakte framover. Alle skal med. På ungdomsskulen hadde vi ein lærar i tysk som ikkje hadde kontroll på klassen. Tida vart nytta til å lytte til ein gut i klassen som ikkje makta sitte stille. Ho snakte med han heile timen. Vi sat der som nek og lytta. Vekkasta tid. Alle skal med. Kva med flinke elevar? Ingen tenker på oss. Eg fekk lite utfordringar på skulen, ein såkalla flink elev. Eg kjeda meg frykteleg på skulen. Først når ein kom seg ut av vidaregåande og over på høgare utdanning fekk ein noko å bryne seg på, ein møtte andre flinke elevar. Om ei