Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 3, 2011

Smittsame sjukdommar, ei handelshindring

Det nyanserte svaret: Rognliens kunnskapslöyse Jon Rognlien bommer i sin Dagbladet-kommentar lördag: sjukdommar kjem först og fremst ikkje frå fattige land, men frå intensivlandbruket, skriv han. Han kritiserer min signert-artikkel frå Klassekampen 18.juni der eg var kritisk til Kaare M Bilden i si nye bok, Mat er makt. Eg skreiv: "Boka har så og sei droppa alt som omhandlar økologi, medisin og praktiske utfordringar knytt til til dømes smittsame sjukdommar, sjølv om dette høyrer til blant verdas viktigaste praktiske handelshindringar og utfordringar knytt til klima, helse og handel." Spörsmål: kvar finn Rognlien at eg påstår smittsame sjukdommar kjem frå fattige land? Ingen stad. Ingen med kunnskap om feltet ville påstå noko slikt. Det er like upresist som å påstå ta dei fleste dyresjukdommar kjem frå industrilandbruket. Det krev stor kunnskapsmangel for å tolke meg slik Rognlien gjer. På den eine sida: ei rekke sjukdommar som fattige land kjempar mot, har vi også i