Gå til hovedinnhold

Den tørre kontorjournalistikken

Gapet mellom media og folk er stort. Eg trur ein stor del av årsaka er at journalistar flest ser ut til å like seg best på kontor. (Lørdagskommentar i Firda 31.mai 2008 i spalten Arena).

I store delar av Oslo-pressa vert ein ganske raskt spikra fast i kontorpulten under strenge budsjettstyringar som hindrar reiser hit og dit. Ein kan ta seg ein runde til Stortinget, eller vase omkring i departementa til auget blir stort og vått, eller springe ut til ein avtale, men stort lenger kjem ein seg ikkje, bortsett ved enkelte høve då du vert send avstad til andre delar av landet eller verda med beskjed om å skunde deg heim igjen med mest mulig stoff.

Etter å ha arbeidd under fast arbeidsgivar i Akersgata og anna Oslo-presse, bestemte eg meg for å bli frilans. Eg likar meg best ute blant folk. Det er der ein finn dei gode sakene.
Ifjor haust var eg også på reportasjetur, blant anna til Kirkenes. Frå kontoret i Oslo kunne eg finne ut mangt, men det var blant folk i Sør-Varanger eg følte pulsen på lokalsamfunnet. Regjeringa kan legge strategiar på bordet, men regjeringa kan ikkje fortelle meg kva dei lokale sjølv tenker om saka. Ein må dra dit sjølv.

Og på ein dag i Kirkenes samla eg inn meir stoff, skaffa meg fleire politiske kontaktar, idear til saker og inntrykk enn ein får av to veker på kontoret. På flyet treff ein forskarar, på kaien ein amerikansk krabbefiskar og på bussen ein kaptein som segla under Golfkrigen.
Dagens Næringslivs reportasjeserie «Klode i krise» hadde aldri blitt til det den vart om journalistane sat i Oslo og las rapportar om klimaendringane medan dei ringte opp kilder og møtte eit par klimaflyktningar på kafe. Journalistane reiste ut, fekk dei gode historiene og dei gode bileta.

Mine valgkampreportasjer frå det ganske land høsten 2007 hadde aldri blitt det dei blei om eg ikkje hadde drege meg ut av Oslo-gryta. Eg hadde aldri kunna beskrive for mine lesarar korleis Vinjevatn blenkte ved Tarjei Vesaas plass i Telemark, eller kva slags fangststrategi ein brukar ombord i russiske krabbetrålarar. Katrine Sele si fantastiske bok «Herifrå» hadde ho aldri kunna skapt på eit kontor. Ho måtte ut i felten.


Men det er langt frå alle journalistar som likar å forlate kontoret, og dette pregar det journalistiske produktet: produktet har kontorperspektiv, er kontortørt og ber preg av kontoristisk informasjonsinnhenting. Interaktiv global verd eller ikkje, buksebakslitasje gir dårlegare forståelse for kva som skjer ute i verda, og eit dårlegare produkt til lesaren. Greit nok, ein del av kontorjournalistikken skuldast trange budsjett, og mykje må gjerast på kontor, men den skuldast også late journalistar. Eg trur all kontorsittinga er årsaka til at spriket mellom pressa og folk blir stadig større.


Fordi eg likar meg best ute blant folk, skal eg denne sommaren ut på vegen. Eg trur det er i felten ein finn dei gode historiene, ikkje på eit kontor i Akersgata. Eg har også fått eit journaliststipend for å dra til Barentsregionen og avdekke lokale perspektiva på utviklinga, spesielt med fokus på Russland. Eg er sjølvsagt begeistra for dette stipendet, og årsaka til at eg nemner det her, er at det gir meg sjansen til å forflytte meg til nordkalotten. Ingen redaktør med trang lommebok kan nekte meg.


Å reise er som kjent dyrt, og reiseutgiftene er årsaka til mykje av kontorjournalistikken i hovudstadspressa. Dette gjer stipend som dette kjærkomne, men har redaktørane råd til å late journalistane sitte inne? Mediehusa går glipp av ekstremt mykje gode saker.
Ein kan lære meir av ein månad i felten, enn av tre på kontoret. Feltjournalistikken hevar nivået på medieproduktet.


Men mange journalistar er berre ute når dei alt har ei sak dei må oppsøke, sjølv om dei har sjansen. Korleis kan ein då gjere godt handverk? Eg er av den gammaldagse oppfatningen at ein journalist ikkje berre skal vere ein passiv informasjonsleverandør, men også vere ein aktiv samfunnsdeltakar.

For kvar time på kontorstolen misser ein samtalar, observasjonar og tips, kort sagt går ein glipp av stor kunnskap om verda. Det finnast ufatteleg mykje godt stoff ute blant folk som rikspressa aldri ser, fordi den aldri er der. Her har lokalpressa sin gyldne sjanse. Dei har omtrent mediemonopol på store område. Brukar dei det potensialet som ligg der?

Ein må først lytte og observere, etterpå kan ein skrive.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...