Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 9, 2008

Eg vil vere naken i avisa - kvinnedagen 2008

Dette er eit kåseri sendt på direkten i radiorakel FM 99,3 på kvinnedagen 2008 i radiorakels litteraturprogram Fabulatoriet som sendes direkte kvar onsdag mellom 16 og 17. Eg er feminist . Trur eg sjøl i alle fall. Av og til lurer eg litt. Eg vil for eksempel gjerne stille opp naken på framsida av klassekampen, men når ikkje ein gong simone de bever kan gjere det utan å skape sjokkbølger og rasande debatt innover i det feministiske miljøet, så kan vel ikkje eg gjere det heller. Lat oss legge lista med ein gong. Eg føler meg undertrykt. Av feministane. Problemstillingen er altså denne: aller helst ville eg kaste kleda på framsida av nærmaste avis, men dette strider mot all feministisk tankegang. Eller finnast det argumenter i feminismen som seier at ja, kast kleda, vis puppa, spre beina og blott deg i dagspressa? For å finne argumenter drog eg å skaffa eit urepresentativt utvalg meir eller mindre feministiske bøker. Det er jo trass alt snart kvinnedag og eg føler for å lette