Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 5, 2011

Fylkesordførarkandidatar med svak debattstil. Har dei vore for lenge utan skikkelig konkurranse på argumentasjonsfronten?

I Firda 5.mai har Åge Starheim eit utspel om programfesting av politisk handlekraft. Eg har eit par bemerkningar til reaksjonane frå dei to fylkesordførarkandidatane. "Frp krititiserer i røynda innbygggarane i fylket. Det er faktisk innbyggarane som gjennom valget avgjer samansetjinga av fylkestinget, og politikarane der representerer innbyggarane i Sogn og Fjordane", var Jenny Følling (Sp) sin reaksjon. Følling vrenger seg unna kritikken mot Sp og veltar den over på å gjelde heile Sogn og Fjordane: ho antyder at Starheim meinar at folk flest ikkje veit sitt eige beste. Minuspoeng for dårleg politisk finte og for å rulle skulda over på folk flest for at Følling ikkje greier svare på kritikken mot Sps politikk med anna enn avsporing og spinn. (Spinn er journalistspråk for politikar som ikkje greier å levere ei analyse, og difor kjem med enkle påstandar). Åshild Kjelsnes (Ap) klinkar i andre undersak til: "Skal vi i dette fylket vere stakkarsleggjorde, vi som ligg i

Smil eller dø, smil og dø, eller berre dø: ulike teoriar om bygdeutvikling.

Deler av denne teksten er sensurert, og den er i bunn og grunn ein fake. «Har du Georg som psykologhjelpar eller går det på fylkeskommunen sitt budsjett, det og? De er nokre knakar, vi tek dykk snart,» skreiv ein kar frå Nordfjord til meg på Facebook. Eg vart litt paff. Eg vert alltid litt paff når folk viser, skriftleg og lett dokumenterbart, at dei manglar eit eller anna vesentleg i toppboksen. Du sender nemleg ikkje slike meldingar om du er retteleg klok, men heldigvis, får ein sei, er ikkje alle retteleg kloke. Då hadde vi jo ikkje hatt nokon grunn til å sparke nedover. Georg er Georg Arnestad. Han er forskar ved høgskulen i Sogndal, og det går ikkje an å skrive ei bok om Vestlandet utan å skrive om Arnestad. Mitt bekjentskap med Arnestad starta med at han meinte eg var litt bortinatta, iallefall ikkje den skarpaste kniven i den berømte skuffa. Etterkvart har han strekt seg så langt som å poste ein del av mine bloggpostar på Facebook-wallen sin med kommentarar av typen «Har An

Sexolog Margrete Wiede Aasland forsvarer menn som voldtek damer som har tatt han på pikken. Det er eit sjukt menneskesyn, og eit gufs frå fortida.

Det er min korte kommentar til den såkalte "sexologen" Margrete Wiede Aasland som idag står fram i NRK og forvarar menn som voltek kvinner. Ho meiner at menn er skapningar på nivå med ein bavian.  Menn bør føle seg støtt. Alle som meiner det er ok for ein mann å voldta ei kvinne som har tatt han på pikken, rett opp ei hand! Stå fram med fulle namn. Margrete Wiede Aasland er ute av skapet med haldningar som gufsar frå fortida. Les om damas gammalmannshaldningar til kvinner her. Vi bør sei nei til valdtekt, folk må få lov å sei stopp elller ombestemme seg. Ein mann skal lytte til kva ei kvinne seier, og om han ikkje maktar det, er han ingen mann. Ein mann som MÅ pule fordi nokon har tatt han på pikken, er ikkje eit skikkelig mannfolk. Vi lever i år 2011, og vi er ikkje bavianer, og vi forventar ikkje bavianåtferd. Dei menn som ønsker å te seg som bavianer, ligg unna damer. Vi vil ha gode elskarar, ikkje menn utan peniskontroll. Forstått? .