Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 22, 2011

Telenor sitt rot med linjer og dårlege kundeservice, ei interessant observasjon frå Bygstad

Vi fekk i mange år ikkje installert internett her i Bygstad. Årsaka var, som Telenor påpeika, at det var ikkje bygd ut linje. Merkeleg, tenkte vi. Alle naboane har jo internett. Kvifor ikkje vi? Etterkvart, etter purring og masing og diverse oppslag i Firda, orka Telenor å sjekke systemet sitt. Det viste seg at her var utbygd for internett. Men Telenor hadde rota vekk linja i systemet sitt. Dei visste ikkje at den eksisterte. Dei var også så elendige i geografi, og hadde ikkje orka sjekke, så dei hadde trudd at vi budde ein heilt annan stad på kartet enn kva som faktisk var tilfelle. Dei hadde rett og slett eit salig kaos i karta sine som fekk det til at vi budde ca på flyplassen. Det gjer vi då altså ikkje.  Telenor sitt slurv og elendige kundeservice stansa derimot ikkje. Når dei først hadde klart å rote vekk ei linje, kunne dei like gjerne prøve seg med litt snusk i tillegg. Eventuelt er det berre uttrykk for ein låg komptanse i Telenors bedrift. At dei har ansett folk som rett