Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 7, 2009

Det måtte ein vestlending til..

for å heilt enkelt fortelle oss litt om kompiskampen. Bravo, Hilde Sandvik! Men kompiskamp-ordet er min patent. Beste ordpatent so fare idag. and the story continues: Samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse medan lokalavisene overlet dei viktigaste nyhendene til BT og riksavisene skreiv eg i fjor sommar og debatten om lokalmediene raste i fleire veker. I år stille eg det same spørsmålet. Denne gongen spør eg riksmediene. Sommarens store agurk, kulturkampen er over oss og det er tid for å repetere grunnfagspensum i evolusjonsteori og sosiologi. Vi treng visstnok meir kjennskap til moderne evolusjonsteori, meiner Aslak Nore, men eg trur ikkje det er evolusjonsteori dette dreier seg om. Det dreier seg om medier i fritt fall. bip bip melder om intern uenighet i leiren. Funny funny

Kulturkampen fortsetter

Den eine halvkveda visa slår den andre ihjel, gammel kunnskap mikses på ny og hamres ut, tankane stoppar opp og vi går alle i ring. Det er iallefall veldig lett å peike på kven det er som ikkje kjem til å bringe verda eit steg vidare, og som ikkje kjem opp med ein einaste ny tanke. Men i andedam, stasjon Oslo, treng ein ikkje tenke nytt for å taste hardt. Her er det nok å ha lyst til å blafre litt med bjellene i spaltane. I andedam Oslo går vi alle på repeat, og hei kor det går. Det smartaste eg har lese idag er dette sitatet frå Jørgen Lorentzen og Wenche Mühleisen i Aftenposten: "det er ingen motsetning mellom evolusjonsteorien og humanistisk eller samfunnsvitenskapelig forskning på kjønn. Spørsmålet er grensene for de biologiske forklaringene i forhold til kvinner og menns intellekt, emosjonalitet og atferd." Men igjen: dette er svææært gammelt nytt. Kva blir det neste som presenteres i spaltane? At jorda er rund? Wiki om kulturkamp.