sundag, november 15, 2009
Ufrivillig mannlig selskap i Markveien nattestid gjer folk til rasistar
Det hjelper knapt å oversjå dei. Då blir dei gåande ved sida av deg og mase og mase og mase. Du kan selvfølgelig berre gå i vei mens gubben går ved sida av deg og mase og maser og maser, uten at du gir han eit blikk, men dette er jo ikkje veldig hyggelig i folktomme gater nattestid. Då er det like greit å vente på neste person som kjem gåande opp gata og slå følge med vedkommande, men sjølv då henger enkelte av dei gutta her på. Dei er som klister.
Om eg er i mannlig selskap er det kjekt å be desse plagsomme gutta ryke til ein varm stad og bli der så lenge dei måtte ønske. Størst mulig mannlig selskap som ser mest mulig skummelt ut. Jo større og skumlare mannlig kompisselskap eg har med meg, jo betre.
Du ser korleis jenter er nødt til å sjå vekk og unngå desse plagsomme gutta. Det er ikkje veldig hyggelig og det er ganske provoserande.
Gutter og menn som desse får folk til å bli rasistar. Eg gleder meg til eg kan gå gjennom Markveien utan ein plagsom parasitt på skuldra.
laurdag, november 14, 2009
Perverse landsmenn rider igjen
Den einaste saka som er interessant å følge i dei store trashmediene er sakene om Ari Behn. Mannen har blitt eit fritt vilt for dei konforme trashmediene som anser mannen som eit sært utskot. Kor straite er dei egentlig i Akersgata/ Havnelageret? Dette spørsmålet er ofte stilt. Svært streite, ser svaret ut til å vere. Dei maktar til og med lage ei sak på at nordmenn har sex i bilen. For ein overraskelse, dere. Perverse landsmenn rider igjen. Akersgata og Havnelageret har kun sex i ektesenga, og kun i misjonær.
torsdag, november 12, 2009
Vi treng meir gravejournalistikk og vi treng medier med sjølvrespekt.
Kjære vakre vene. Dei stortingsvalgte er folkevalgte, representanter av folket. Vi har alle fått p-bot eller fartsbot eller ei eller anna anna form for bot. Eg har fartsbot.
Fy flat for ein galning Trond Giske er som har site på i ein bil som kjørte i 140 kilometer i timen. Saka hadde vore ca uinteressant om det ikkje hadde lagt nokre journalistar på hjul bak, som i desperasjon noterte ned farten og tenke hurra no får vi ei siteringssak. Stakkars ubrukelige journalister som ikkje greier grave opp meir saftige saker enn som så. Stakkars norske redaktører som bruker plass på dette spamstoffet, og stakkars norske medier som syns dette er ei sak som dei kan gnage på i dag etter dag. Norge er eit nyhetsfattig land med lite ambisiøse medier.
Det var ingen nyheter på radioen i dag tidlig. Vi treng meir gravejournalistikk og vi treng medier med sjølvrespekt.
måndag, november 09, 2009
Å skrive ei bok er heilt uvirkelig
Det skal ikkje vere enkelt, men det skal heller ikkje vere for vanskelig. Ein høyrer alltid om at berre ei promille av manus som blir sendt inn til forlaga, blir til bøker. Dette stemmer. Eg sende mitt manus til ein redaktør, og så var vi i gang. Det var faktisk ganske enkelt, i fare for å høyrest ut som ein arrogant jævel. Til trøst for dykk som meiner dette blir for enkle påstander: det første eg deretter foretok meg, var å få skrivesperre, og eg har skrive i mange år før eg fant ut at det var på tide med litt seriøs forlagskontakt. Det hadde inga hast. Der finst ei rekke ting i livet du må sjekke ut før du nødvendigvis treng å skrive ei bok.
Når ein skriv, møter ein ei mengde folk som også skriv. Og veldig mange av dei som skriv, snakkar om "å føle", og "å sveve" og "det er så vanskelig og jeg skriver så dårlig, dere." Akkurat sånn kreativ jamring har eg aldri likt. Å skrive handlar om å sette seg ned, skrive gode tekster mens ein heller innpå kaffe, ta seg ein sigg, drekke meir kaffe og skrive meir. Å skrive er jobbing, utholdenhet og fokus. Å skrive er ikkje å sveve rundt sin eigen akse som ein annan gassballong, sjølv om enkelte anser dette siste for å vere eit faktum. Jamfør overgangalderramma gamlinger på skrivekurs, eller mislykka forfattere som "aldri får gitt ut fordi manuset er for bra for kommersielle forlag".
Keep it real. Å skrive handler om å beherske eit handverk, å ha teft for tekst, å vere ein god lesar og å ha noko å fortelle. Det handlar også om å dumpe store mengder tekst i trash, og å skrive på nytt uten å miste trua. Det er nemlig på mange måtar ein jobb, sjølv om det for meg i første omgang framstår som kreisi at eg får penger for ein slik aktivitet. Å skrive bøker er på siden av virkeligheten, iallefall på siden av min virkelighet enn så lenge. Det seier vel også litt om mitt syn på forfatterstanden og det å lage litteratur. Det er store greier. Det er eit privilegie. Trur ikkje eg skjønner heilt kva eg driver med. Eller kanskje det berre er for bra til å vere sant, men sant likevel?
På den andre sida har eg oppretta mappa FAIL. Der ligger FAIL-tekstar som får håret til å reise seg på hovudet når eg les dei. Skreiv eg virkelig dette pisset? Oh my god...
Men inntil vidare anser eg horisonten som lys, med mindre forlaget har gått bananas og satsa på fullstendig feil hest. Eg aner ikkje korleis statistikken for feilaktige hestar/ å putte peng på talent som aldri makter fullføre, ser ut her på plassen, men den er neppe så ille at den er verdt å plages med her og no. Det einaste eg inntil vidare er sikker på, er at eg er skikkelig heldig som kan sitte her å skrive time etter time, dag etter dag. Eg koser meg skikkelig.
Dagens overskrifter
Akevitt og avfrelsning
Nå er hun ikke lenger landets hotteste
Derfor bør du aldri irritere en hest
Beklager at jeg kalte rumpa hennes enorm
Emma (16) er nær to meter høy og vokser...
alle er seff henta frå Dagbladet.no
sundag, november 08, 2009
torsdag, november 05, 2009
onsdag, november 04, 2009
Kven skal avsløre Mattilsynet?
Av og til høyrer vi om Mattilsynet som har avslørt nok ei dyretragedie. Spørsmålet er vel like ofte om ikkje Mattilsynet snart bør avslørast for å gripe inn for seint, og for å ha for dårlig oversikt...
Samtale:
Mattilsynet: Vårt ansvar er dyrene.
Du: Ikke mennesker?
Mattilsynet: Ikke mennesker.
Du: Hva gjør dere med menneskene?
Mattilsynet: Vi politianmelder dem. Vi har ikke menneskelig innsikt. Vi har dyrisk innsikt og kun i dyr, og kun på papiret. Vi er Mattilsynet og vi digger å løfte papir. Vi løfter i takt så støvet letter fra kontorpultene våre.
Fritatt for folkeskikk: lokalmedier som tørr å ta opp brennbare tema?
Les også min kronikk om lokalmedier frå fjorårets lokalmediedebatt. Kvar er redaktørane som gidd ta på seg dei store sakene?
Eit fortsatt aktuelt spørsmål.

