Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 11, 2009

Kvar finn vi god litteratur?

Då må vi ofte ut av landet, til USA. Eg slenger ofte blikket over dammen når gode bøker skal hankast inn. Siste forsøket er Det vi elsket av Siri Hustvedt. Eg kan ikkje enda sei om eg liker denne boka, den er litt seig i starten, men skal gi den ein del sider til før eg kastar den mentale terningen. Dessutan er det ofte i denne boka slik at eg må lese opp att sider for å få med meg kva som skjer, eller kven vi snakkar om no, eller kven som er kven og korleis og kvifor, og det liker eg ikkje så godt. Er sjeldan eg opplever dette ellers. Litt forvirring kan ein tåle i starten, som i Anna Karenina, men Anna Karenina er i ein heilt annan liga. Det har eg alt slått fast. Så tar vi det derfra.