Gå til hovedinnhold

Dogmatisk økodebatt

Debatten om økologisk er dogmatisk. Delar av det økologiske regelverket for hald av landbruksdyr bør opp til debatt i likhet med økologisk landbruk generelt.


Anne Viken, veterinær

Kronikk i Nationen 11.oktober 2010

Eg har med interesse fulgt debatten om økologisk landbruk i Nationen. Det er fascinerande å sjå korleis forskarar som legg fram dokumentasjon på at økologisk landbruk ikkje er stor meir utsleppsvennlig enn konvensjonelt blir forsøkt knebla. Det er interessant, og det er skremmande å bli klar over at enkelte av dei som hevdar å arbeide på vegne av berekraftig landbruk ikkje tolererer kunnskap som strir mot ideologisk ståstad.


Det er skremmande udemokratisk at Lars Peder Brekk, som er landbruksminister, har gått ut og slått tilbake mot forskning som dokumenterer at økologiske matprodukt ikkje er meir miljøvennlig eller dyrevennlig enn konvensjonelt. Aftenposten 26.februar 2009: «Det blir for unyansert og gir ikke hele bildet av faktagrunnlaget», var Brekks respons. Spørsmål: skulle desse forskarane ha lete vere å legge fram resultata dei hadde kome fram til? Fordi dei strir mot den politiske målsetninga om auka økologisk produksjon i Norge? Nei.


Forskarar skal vere frie kunnskapsformidlarar, men ikkje innanfor landbrukssektoren. Eg minnar om at landbruksforskar Svenn Arne Lie i NILF fekk korreks frå LMD for å ha meiningar som ikkje fall i smak der på huset. No har Lie bytt jobb.


21.august hadde magasinet Time ein stor artikkel om økologisk. Dei konkluderte, basert på tilfang av forskning internasjonalt, med at økologisk ikkje er betre med tanke på utslepp enn konvensjonelt produserte landbruksprodukt. Likevel anbefalte dei økologisk. Det er greit. Det er fair play. Time viste til ganske andre kriterier enn utslepp for å velge økologiske produkt. Eksempelvis dyrevelferd og smak. Dei forsøkte ikkje å dysse ned fakta.

Men dyrevelferd er heller ikkje eintydig betre i økologisk enn i konvensjonelt. Ofte motsett. Eksempelvis blir amerikanske økologiske landbruksdyr nekta antibiotikabehandling. Dette vart av Time trekt fram som ein fordel. Dette er derimot ikkje eintydig ein fordel om ein tenker på dyrevelferden. Sjølvsagt skal ein ikkje overdrive antibiotikabruk, men på same tid har alle dyr i menneskes varetekt krav på å bli ivaretatt. Av og til er antibiotikabehandling eit spørsmål om ein lagsam og pinefull død, eventuelt avliving, eller å tilby dyret medisinsk hjelp som kan gi rask betring.

Dette behandlingsnektet strir dermed mot økologiske prinsipp om auka dyrevelferd. Det har heldigvis ikkje blitt like dogmatisk og ideologibasert regelverk i Norge enda, sjølv om økobønder i Norge blir anbefalt, i følge Debios veiledere som ligg tilgjengelig på nett, å velge fytoterapeutiske produkter og homøopati som førsthandspreparat ved sjukdom på husdyr. Dette er betenkelig all den tid det ikkje foreligg dokumentasjon på at dette har nokon effekt på dyr. Det foreligg derimot dokumentasjon på at mange sjukdommar krev skulemedisin om dyret skal sleppe liding og død. Anbefalinga av homøopati som førstehandspreparat er dermed uforsvarlig.


I økologisk landbruksdyrehald er det også slik at ein har doble karenstider på levering av kjøt og mjølk frå kyr etter medikamentell behandling ved sjukdom. Om ein på ei konvensjonell ku har fem dagar karens på levering av melk etter ein behandling av ein jurbetennelse, har ein då i økologisk ti dagars karens. Eg har som veterinær spurt fleire økologiske bønder om kvifor det er slik, og svaret er klart: ein må ha reglar som er annleis enn i det konvensjonelle landbruket. I praksis har karensbestemmelsen like stor effekt på produktkvaliteten som å kaste stål over låven. Dette er dei fleste bønder klar over. Mange bønder ser difor bort frå karensreglane, og at dei gjer dette, er faglig fullt forsvarlig all den tid regelverket slik det foreligg, ikkje har noko innverkning på innhaldet av medisinrestar i melk eller kjøt. Den enkle karenstida er tilstrekkelig for å fjerne desse.

Doble karenstider kan derimot føre til at ein let vere å behandle dyret på grunn av at det økolonomiske tapet bonden blir påført ved å ikkje kunne levere produkt frå dyret i alle dagane ei dobbel karenstid inneber. Det kan fort bli snakk om fleire veker, og behandlar ein eit økologisk dyr meir enn tre gongar på eit år, må det ut i karantene. Det økonomiske tapet for bonden blir stort, men konsekvensane for produktkvaliteten er null. Kun symbolsk i at regelverket framstår som annleis enn konvensjonelt. Risikoen for at ein let vere å behandle, aukar derimot. Dyret taper. I min praksis som veterinær har eg møtt ei rekke bønder som beklagar seg over desse økonomi- og dyrefiendtlege punkta i det økologiske regelverket. Ein bør få rydda opp i desse reglane, og heller få på plass punkt som reelt betrar dyrevelferd og produktkvaliteten.


Tematikken er for viktig til å bli overlaten til dogmatisme og politikarar med tvilsomt kompetansegrunnlag. Slepp forskarane fri. Økologisk bør opp til debatt. Ta bort dei dyrevelferdsfiendtlege punkta i regelverket. Slutt med å forsøksvis kneble forskarar som legg fram dokumentasjon på at økologisk mat slettes ikkje er det den gir seg ut for å vere. Vi vil ha eit miljøvennlig landbruk, vil vi ikkje?

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...