Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 21, 2009

Nydelig bok

Brudereisen av Marieke van der Pol, rykande fersk på norsk. Berre heilt nydelig frå start til slutt. Eg må tenke litt før eg skrive noko meir. Av og til er det kanskje like greit å ikkje skrive eit ord, berre tenke litt. Sjekk ut filmtraileren. Reint skriveteknisk gjer denne boka eit grep som eg liker. Den hopper som ein film. Vi befinn oss i ei dramatisk scene, og så brått er vi hoppa framover i tid. Hovedpersonen har tatt eit valg og handla, og når vi blar om, i neste kapittel, på neste side, er han på vei. Eksempelvis når Derk krangler med Ada. Han går ut døra på vei til skulen med ungane. Ho står att. Når eg begynner på neste side, sit ho på toget på vei vekk. Vi får ikkje lese eit ord om at ho tenker seg om, at ho pakker, at ho går ut døra, springer til toget, kjøper billett. Vi blir berre plassert direkte på toget der ho alt er fleire timar på veg vekk frå mannen. Fleire stader er slike overganger brukt veldig effektivt. Ein hoppar mange år i tid på få linjer. Forfattaren hopper