Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 11, 2012

Verdas vakraste pensjonistreise/ engelske turistar på hurtigruta

På min veg til Kirkenes går eg ombord på hurtigruta i Tromsø. Tromsø har stort, nytt glasbibliotek i fleire etasjar, ishavskatedral og rådhus der lysa blinkar i takt i lyshow oppover i etasjane når kvelden sig på. Tromsø har også eit livlig uteliv, og eg fekk ei detaljert innføring i byens nattklubbar av ei dørvakt eg møtte i mi jakt på fiskemat. Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste ombord. Eg deltok med andre ord på verdas vakraste pensjonistreise, og etter kort tid sat eg linja opp framme på dekk blant ei lang rekke andektige pensjonistar. Sjå på dei små gardane, seier ein engelsk turist når vi er på veg ut frå Tromsø. Små gardar ligg nede i strandkanten under tett skog og bratte fjellsider. Bur her verkeleg folk? Og har dei veg? Ein heil flokk engelske turistar lener seg mot ruta i panoramasalongen og deltek aktivt i jakta på ein veg. Jo, sanneleg. Det ser ut som om det er ein veg der inne mellom trea, utbryt den eine. Resten av

Russland - ikkje for pingler

"How are you?» Det er Kelly, sjef for tolv krabbetrålarar under russisk kommando, som er på tråden. «Vi er i Oslo i kveld», seier han. «Vil du bli med ut og ete?» «Yes», seier eg og set meg på første trikk. Kelly er ingen trøytt Blinderntype. Han er ein real krabbefiskar med jobb på Barentshavet og hamn i Kirkenes. LÆRER SEG KNEP Første gong eg møtte Kelly, var i 2007 under ein fotoseanse med ordførarkandidat, og seinare ordførar i Sør-Varanger, Linda B. Randal (Ap) på kaia i Kirkenes. Kelly heisa meg ned i lasterommet på trålarane, viste fram krabbefabrikken og dei tronge lugarane, kjøkkenet og krabbeteinene som tårna seg opp på dekk. Året etter kom eg tilbake, og vi festa på Kirkenes-dagane saman med mannskapet. Igjen sat vi i dei tronge lugarane og drakk russisk te. «Men no sender russarane oss heim til USA», seier Kelly der vi sit benkja med kvit duk på Aker brygge eit halvt år seinare. «Russarane har lært seg knepa og kan fiske opp kongekrabbene sine sjølve. Dei treng o