Eit glansbilete må også kunne ta store steg, halde god fart og kunne vinne eit NM. Det skapar utfordringar.
Anne Viken, tekst og foto (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid ).
Sist på 1800-talet vart uttrykket «hovud som ein brisling, hals som eit rokkehjul, kropp som ei nepe og føter som stålfjører» brukt som eit bilete av ein typisk fjordhest. Sitat avlsplanen for fjordhest.
Det smell i boksdører. Vi er på Hingsten Perakrossen (4) slår i veggen, skrapar og går med full kraft ut gjennom boksdøra, og eg må ærleg innrømme at eg verken ser rokkar eller neper. Eg ser ein blakk muskelbunt utan stålfjører som smell med frambeina og vifter med utstyret.
I boksen ved sida av slår Merinas Emil (3) minst like hardt i veggen. From Dag og Tid reportasjebilder
-- Den stod spiss i vår, og ei av årsakene til at Noreg ligg i tet i fjordhestavlen, er at vi har tradisjon for å bruke treårshingstar. Det gir kortare generasjonsintervall, og raskare avlsframgang, seier ...