Gå til hovedinnhold

Hest for gud eller ryttar

Eit glansbilete må også kunne ta store steg, halde god fart og kunne vinne eit NM. Det skapar utfordringar.

Anne Viken, tekst og foto (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid).


Sist på 1800-talet vart uttrykket «hovud som ein brisling, hals som eit rokkehjul, kropp som ei nepe og føter som stålfjører» brukt som eit bilete av ein typisk fjordhest. Sitat avlsplanen for fjordhest.


Det smell i boksdører. Vi er på Hingsten Perakrossen (4) slår i veggen, skrapar og går med full kraft ut gjennom boksdøra, og eg må ærleg innrømme at eg verken ser rokkar eller neper. Eg ser ein blakk muskelbunt utan stålfjører som smell med frambeina og vifter med utstyret.


I boksen ved sida av slår Merinas Emil (3) minst like hardt i veggen.

From Dag og Tid reportasjebilder

-- Den stod spiss i vår, og ei av årsakene til at Noreg ligg i tet i fjordhestavlen, er at vi har tradisjon for å bruke treårshingstar. Det gir kortare generasjonsintervall, og raskare avlsframgang, seier Espe. Han håper å få solgt Perakrossen etter avlssesongen for rundt 100 000 kroner.


Etter fleire forsøk på å bli tilfredsstilt den lite tiltrekkande tappebukken i hjørnet, er Perakrossen endeleg fornøgd med temperaturen i den kunstige vaginaen, og ti minutt seinare bykser dei to hingstane fram og tilbake i kvar sin EU-godkjende luftegard.


Vakne opp


Dei siste åra har avlen av fjordhest i Noreg minka, og fjordingen er ikkje berre lett å selge, sjølv om avlsplanen fortel at fjordhesten er ein av dei eldste og reinaste rasane i verda. Hesten møter stadig sterkare konkurranse frå utanlandske rasar, og det er vanskeleg for mange å selge hestane sine. Samstundes som ein ser ein auka etterspurnad etter vaksne, utdanna hestar, klarer ein ikkje skaffe nok.


From Dag og Tid reportasjebilder

Nina Erichsen, stemneleiar for NM i fjordhest i Førde i juni 2008, meiner det er viktig å få til ei felles forståing mellom oppdrettarane og brukarar.


-- Vi vil bevare fjordhesten, men samstundes må vi vakne litt for å få solgt. Hesten blir brukt på ein annan måte enn før. No brukar ein hesten i konkurransar, seier Erichsen.

Det er også eit sjansespel om ein blir kvitt hesten til ein rimelig pris, og difor, seier ho, er det få som tek seg bryet med å trene fram hestane sine. Dermed får ein mykje fjordhest som berre blir ståande.

-- Det er den same gjengen som sit att år etter år utan å få solgt hestane sine. Det er mogeleg dei må lytte meir til kjøparane, seier ho, og peikar på at ein vil ha opp prisane på fjordhestane.

-- Fjordingen er altfor billeg om vi samanliknar med andre rasar. Du får tak i fjordhest heilt ned i 5 000 kroner, og då er det noko som er feil. Sportsponniar av andre rasar går for 70-80 000 kroner. Kva kan ein gjere for å få prisane opp? spør Erichsen og svarar sjølv:

-- Vi må vere meir kritiske når vi avlar.

From Dag og Tid reportasjebilder

Merkevara fjordhest


Arkeologiske funn tyder også på at det vart halde tamhestar i Noreg i bronsealderen, 1200 år før Kristus, men det var først i 1840-50 åra at avlen kom inn i strukturerte former. I 1843 vart det beslutta at det skulle opprettast eit stutteri på Dovrefjell.


Stutteriet vart nedlagt på grunn av dårleg stell, og i staden kjøpte staten inn hingstar oppdrettarane kunne nytte, men statsagronomen fann ikkje fjordhingstar han «ansaa skikket for at forbedre racen», og det vart lagt opp til krysningsavl. Men krysningsavlen var ikkje like populær i alle kretsar, og etter eit møte i Innvik i Nordfjord i 1907, vart det allment akseptert at ein ikkje skulle drive anna enn rein avl på fjordhest.


I følge Rio-konvensjonen for biologisk mangfald, er Noreg som opphavsland ansvarleg for å ta var på og utvikle fjordhesten i Noreg, EU og dei landa som har økonomiske avtaler innanfor dette området. Alt dette les eg i avlsplan for fjordhest.


Eg står på ferjekaia Lote og les plakatar om rockemusikkfestivalar i fjordfylket. Over denne fjorden vil mange festivaldeltakarar på veg til Malakoff på Eid passere, men medan denne festivalen blir marknadsført med kule, grøne kyr (??), vert fjordhesten i Fjordhest NMs brosjyre marknadsført som menneskevenn, arbeidskamerat og sportshest. Kvifor er fjordhesten så unik?


Men medan dei fleste hesterasar både er menneskevener, arbeidskameratar og sportshestar, om ein ser bort frå dei få som er mannevonde, er det ingen andre festivalar, meg bekjent, som marknadsfører seg med grøne kyr.


Og regnet høljar ned. Lutande fjordhestar står i vegkanten i ly av stereotypt stupbratte fjell. Kva er det som er fjordingens spesialitet? Jofinn Bø, hingsteansvarleg på Norsk Fjordhestgard på Breim leier hingsten Benten (3) over tunet.

From Dag og Tid reportasjebilder

-- Det som er spesielt bra med denne hingsten, er bein og bevegelsar. Det er viktig for brukseigenskapane.


Han peiker på bogen som er skrå og fin. Det gir eit godt steg. Det er ein del fjording med steil bog, seier Bø.


-- Kva eigenskapar legg avlarane vekt på?


-- Avlarane legg mest vekt på rasetype og rasepreg, men bevegelsar er også viktig for å få god framdrift og ein villeg hest. Kjøparane er interessert i bevegelsane og framdrifta i hesten.


Det er Nordfjord fjordhestlag som eig Benten. Bø seier den bedekker allslags. Det er opp til eigarane om dei vil drive avl på hoppene, men frå 2002, er det ikkje lov å nytte ukåra hingstar i avlen. Då får ikkje følet plass i stamboka.


Det kostar 2 500 kroner å bedekke ei hoppe med Benten, mot mange titusen om du vil bedekke med dei beste varmblodstravarane. Fjordingen er billeg, både i innkjøp og avl, samanlikna med mange andre rasar. Dette er ei utfording. Høg pris betyr som kjent kvalitet og eksklusivitet. Ein dyr, fin hest er status.


-- Ei god treårsmerr kan ligge opp mot 40 000 kroner. Årsaka til at islandshesten er så mykje dyrare, er at ein har vore flinkare til å marknadsføre rasen.


Bø driv sjølv med avl, og har ikkje tapt pengar på fjordhestavlen, men han tjener heller ikkje noko.

From Dag og Tid reportasjebilder


Treng kontaktar


Sola steiker ned over ridebana under NM i fjordhest på Mo Jordbruksskule i Førde. Dressurklassen rir ein og ein over grusen, nokre ustø og skumpande i salen, andre på hestar som er meir interesserte i publikum enn i å ri volter. På eit hjørne av ridebana står fotograf Ingvild Sveen og fjordhesteigar Cathrine Paulsen frå Oslo. Sveen er lidenskapleg opptatt av fjordhestar, og skal få med seg kvart einaste minutt av NM frå onsdag til søndag. Ho fortel at dressurklassen som går no, er «lett C2» .


-- Målet med «lett C» er å ha så låge klassar at alle kan vere med. Det bidreg til rekrutteringa, og vi hadde ikkje hatt over hundre startande i NM om det ikkje var for denne klassen. Du har med alt mogeleg, frå dei som burde ha halde seg heime til ryttarar som utmerker seg, seier Sveen, men påpeikar at rekrutteringa til fjordhestsporten ikkje er så god som ein skulle ha ønskt.


Ei av utfordringane er at ein manglar eit ledd mellom avlar og kjøpar. Det finst ingen som kan utdanne hestane våre, seier Sveen:


-- Mange vil kjøpe utdanna hestar, men må utdanne hestane sjølv. Då kjøper dei seg heller fjordhest frå Danmark.


I januar drog Paulsen til Danmark og kom heim med fjordingen Fredrik Hedevang (5).


-- Eg var på jakt etter ein hest som har det rette steget, og det eg fant i Noreg, var av for dårleg materiale, og difor drog eg til Danmark. I etterkant har eg møtt folk som seier «Åja...». Eg blir nok litt uglesett, seier Paulsen.


Det kosta 15 000 kroner å få dyret inn i Noreg, derav 5 000 i kjøtavgift sidan ein hest trass alt også er mat. Sveen fortel at ein i Danmark driv avl på ein heilt annan måte enn i Noreg. Der har ein stutterier og tjener penger på hestane, medan ein i Noreg driv avl på færre hestar som står rundt omkring i landet. Sveen veit også årsaka til at Paulsen ikkje fann draumehesten i Noreg:


-- Paulsen har ikkje dei rette kontaktane. Om du ikkje er inne i fjordhestmiljøet, veit du ikkje kvar du skal gå for å finne ein god hest. Skal du derimot kjøpe varmblods ridehest, er det tre fire stutterier som har ferdig utdanna hestar til deg. Sånn er det ikkje i fjordhestmiljøet. Her må du, i tillegg til å vite kvar du må gå, overtale eigarane til å selge. For eksempel kan du dra på stevner og legge inn bod på gode hestar.

From Dag og Tid reportasjebilder

Avlar fram glansbilete


Steinar Furnes er ein av avlarane som har møtt opp på NM i fjordhest. Han seier avlarar og brukarar har vore i kvar sine leirar, eldre avlar og yngre bruker. Avlsfolket har styrt med sitt, og brukarane med sitt, men Furnes trur dette kan løyse seg ved eit generasjonsskifte. I tillegg kan det at han som avlar møter opp på NM, trekke med seg fleire.


-- Avlarane har vore opptatt av å produsere hest, og av å bli kvitt unghestar, medan brukarane vil ha utdanna hestar. Ein må ta med seg kunnskapen som den utdøande generasjonen sit på, og kombinere den med moderne brukskrav. Eg trur også at ein stor del av dei nye avlarane også er brukarar. Det gir eit godt perspektiv. Den eldre generasjonen avlarar har stort sett ikkje vore brukarar, seier Furnes.


-- Kva har den eldre generasjonen lagt vekt på?


-- Vi har i mange år vore opptekne av glansbilete. Mange eldre er meir opptekne av korleis hesten ser ut, enn brukseigenskapar i dressur og sprang.


Avlsplanen seier at «Avl av fjordhest er ein raseavl, og difor må rasetype og preg vere overordna andre eigenskapar». Den slår også fast at fjordhesten er ein levande kulturarv. Korleis avlar ein for at levande kulturarv skal kunne hevde seg i hestesportsgreinene dressur, sprang og køyring?


-- Utfordringa er å produsere ein hest som tar vare på rasepreget, er haldbar og funksjonell, og som i tillegg har gode brukseigenskapar. Å kombinere rasepreg med brukseigenskapar er utfordrande, seier Furnes.

From Dag og Tid reportasjebilder

Gul, feit hest


Fjordhesten har også eit rykte som ikkje bidreg til å presse opp prisane.


-- Det er dei som ikkje brukar hestane som skapar det elendige ryktet fjordhesten har. Nokre rir på skulehestar som er leie av livet, og får inntrykk av at det er slik fjordingen er. Eg er lei av at folk seier at «det der er no ikkje typisk fjordhest» kvar gong fjordhesten gjer det bra, men det er jo nettopp typisk fjordhest det er, seier Sveen og refererar til hestemiljøet på Austlandet.


Det finst ryttarar som nektar å starte om dei må starte i same konkurranse som ein fjordhest. Diskrimineringen vil i følge Sveen, ingen ende ta, og ho fortel at det har blitt lagt inn klager når fjordingar har utkonkurrert brune hestar.


From Dag og Tid reportasjebilder

Heidi Bogsund (23) frå Bærum er ein av dei som har konkurrert med fjordhest i fleire år. I 2007 tok dei gull i NM og sølv i køyring i nordisk meisterskap for fjordhest saman med vallaken Alm Jarl (18). Bogsund elskar fjordingen sin over alt på jorda og skal aldri selge:


-- Mange tenker «kvifor gidd du ha fjording?», men så lenge hesten går bra, er det gøy. Mange tenker «Jøss, er det mulig,» når vi slår dei brune hestane.


Hårsåre hestefolk

From Dag og Tid reportasjebilder

Nina Erichsen har teke seg ein pause i den hektiske NM-dagen.

-- Folk på austlandet opplever kommentarar av typen «Uff, kjem du med den lille, feite gule», men eg trur kanskje ein del av fjordhestfolket er litt for hårsåre og forsvarer rasen med nebb og klør, men eg trur ikkje at folk ser på fjordingen som ein arbeidsgamp lenger. Eg trur det er dei som driv med fjording som heng seg opp i dette. Du får hest etter kva du trenar den til.


Det er instruktør og dommar Ove Natland einig i. Før kveldsmøtet mellom brukarar og avlarar, sit grupper med hestefolk benka rundt borda i aulaen på Mo.


-- Ein må finne ut om avlarane og brukarane er to polar, eller om dette er berre noko ein trur. Og er den hesten vi ønsker å sjå under NM den same hesten som kan brukast i turisme og for barn? Kor allsidig skal den vere? Bør ein avle to retningar, ein for sport og ein for familiebruk?


Forslaget er radikalt. Meiningane er mange. Ein av konklusjonane er at brukarane bør lese avlsplanen for fjordhest som kom i ny utgåve i 2008.


-- Ein god konkurransehest som vann her i dag, er også ein fin familiehest. Kjem det av avl eller av trening? Eg trur det kjem av trening.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb