Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten veterinær

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Kva slags bilete har media skapt av veterinærane? Fotos frå ein ekte hestepraksis

Eg har skrive om dette før, og eg tek opp artikkelen om veterinærar i media igjen i forbindelse med lansering av barneboka mi Elise og mysteriet med dei døde hestane som handlar om, ja nettopp, ein veterinærpraksis. Virkeligheten som veterinær er langt meir spennande og underhaldande enn den virkeligheten du får presentert gjennom medias underholdningsveterinærar. Her er nokre fotos frå praksis med hest. Praksis med hest er hovedtema i mi bok. (Foto er gjengitt med tillatelse frå hestens eigar). From hesteklinikken, 2009 Kasting av hest før CT-scanning av hovudet. Kasting foregår i ein godt polstra kasteboks. From hesteklinikken, 2009 Hesten vert heisa opp etter beina From hesteklinikken, 2009 og lagt på eit polstra bord From hesteklinikken, 2009 Her ligg hesten med hovudet inne i CT-scanneren. Ein skal sjekke om den har skader i hovudet/ munnen. From hesteklinikken, 2009 From hesteklinikken, 2009 Hesten vaknar opp i kastebokse...

Livet i praksis: ulike ting som plagar kyr

Eg har ein del kupasientar, og så ein del hestar. Det betyr at eg dagen lang køyrer rundt i ein stor firhjulstrekkar full av ting og tang, og fiksar store dyr. Helst ikkje kattar og hundar. Kattar og hundar må andre ta seg av, så langt det går. Sau er her lite av. Geitepasientar har eg vel knapt sett i mitt liv, og berre tidvis får ein grisar til behandling. Like greit. Grisefjøs er så varme, klamme og dyra står så tett at det er eit lite mareritt å vere der. Kufjøs er langt betre. Ei  diagnose du kan få på ku, er løpemagedislokasjon. Det vil sei at ein av kuas fire magar, løpemagen, er full av gass og har flytta seg til feil side i kuskrotten. Dette er ein venstresidig løpmagedislokasjon. Det finst også høgresidig, men dei er sjeldnare. Symptoma på at ein slik diagnose foreligg, er at kua er sløv og gjerne et dårleg og melkar lite. Då kjem eg ut, knipsar kua på venstre sida medan eg lyttar med stetoskopet, og høyrer ping ping -lydar som om ein knipsar på ei tom stålbøtte. Desse...

Kva er det artigaste oppdraget å få som dyrlege i felten?

TJA. Eg liker å utrede hestar. Kolikk er ein ganske interessant diagnose der du får gjort ei heil bråte med medisin. Andre interessante kasus er hestar med mystiske symptom på eit eller anna underleg der ein må vri hjernen litt for å finne ut kva det kan vere for noko. For eksempel feber som svingar, stive bein og andre underlige saker som ikkje alltid er heilt lett å direkte påpeike årsaka til. Blant anna hadde eg ein gong ein hest som på dag ein fekk kolikk, på dag to vart blind i eit døgn, og på dag tre fekk synet tilbake. Vanskelige tilfeller, men svært interessant. Om enn sjølvsagt svært kjedelege for eigaren. Men diagnosen frå helvete er utan tvil livmorframfall på ku. Alle som har sett korleis det ser ut når livmora ramlar ut på ei ku, veit at dette er eit lite lekkert syn. Den er ei bråte med kilo tung. Har den lagt ute av kua lenge, kan den vere tørr. Den kan ha blitt porøs, den kan sprekke og gå hol i når du tar i den. Er du riktig heldig ligg livmora i ein dam med vatn o...

Veterinærar i samfunnsdebatten - innlegg frå debatten De tause veterinærane

Å delta i samfunnsdebatten krev som Marie Modal, (president i Veterinærforeningen) nevner at ein er villig til å problemorientere og spissformlere seg og peike på konflikter. Det krev at ein skriv noko som er interessant på ein måte som er leselig. Ingen av oss hadde gidda lese ei bok utan hendingar. Debattomtalen. Vil synliggjøre veterinærene: sak om debatten i Nationen. Det er problemstillingar som gjer noko interessant. Ein kan ikkje klage på at Aftenposten ikkje trykker ein reint informativ artikkel som ikkje diskuterer, ikkje tar stilling og ikkje problematiserer. Ein slik artikkel høyrer ikkje heime i Aftenposten. Den er uinteressant. Skal ein delta i debatt, må ein våge å ta stilling. Tittelen på kveldens debatt er dei tause veterinærane. Men veterinærar finst i media. Norges mest kjende veterinær, Trude Mostuen, meiner ingen bør få unger uten å ta minst to tre års perm per unge. Mostue er i underhaldningsbransjen, dansar på tv og vekker latterbrøl hos kultureli...

Med døden på jobb

Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger. Signert-artikkel som stod på trykk i Klassekampen 1.oktober 2010 Eg har som veterinær havna oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Det er ikkje koselig å trekke på seg verneutstyr og masker, og gå inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig. Under ein sermoni i Roma i juni erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda. Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga av dampmaskina førte til at ein kunne sende levende kveg over store avstander med jernbane og skip. Konsekvensene var katas...

Rinderpest er utrydda: for andre gong i verdshistoria er ein sjukdom utrydda frå jorda

Under ein sermoni i Roma erklærte FN at for andre gong i verdhistoria er ein sjukdom utrydda frå jorda. Rinderpest. Veterinærar står bak utryddinga, og veterinærars rolle i å sikre human helse er sterkt undervurdert i samfunnet. "The long but little-known campaign to conquer rinderpest is a tribute to the skill and bravery of “big animal” veterinarians, who fought the disease in remote and sometimes war-torn areas — across arid stretches of Africa bigger than Europe, in the Arabian desert and on the Mongolian steppes. “The role of veterinarians in protecting society is underappreciated,” said Dr. Juan Lubroth, chief veterinary officer of the Food and Agriculture Organization of the United Nations , at whose headquarters Tuesday’s ceremony is being held. “We do more than just take care of fleas , bathe mascots and vaccinate Pooch.” Les heile saka her. På sikt er FN ein attraktiv arbeidsplass for meg som veterinær. Men først litt praksis ute i den nordiske felte...