Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 20, 2008

Eg vil ut, møte folk og drikke kaffe

Eg solar meg på altanen kvar dag i dette fantastiske april-veret langt ute på bygda på Vestlandet, nærmare bestemt Bygstad i Sunnfjord. Det er kort sagt fabelaktig. Det passar meg fint å kome meg vekk frå innestengte Oslo-kontor, pc-lys og åpent landskap der telefonane ringer i eitt sett, mobilen piper og ein må lese nettaviser raskare enn lynet for å halde seg oppdatert. Eg er journalist. Og den som innbiller seg at dette alltid er eit eksklusivt yrke må tru om att. JOda det er kjempekult og gøy og alt det der, men det er og blir for min del i min noverande jobb ein kontorjobb og eg er litt (DRITT)lei kontorjobbing. Eg har lyst til å bli oppdagelsesreisande, ikkje nødvendigvis Thor Heyerdahl 2, men meir ein utegåande journalist som drar omkring og møter vanlege folk, ikkje berre forskarar, politikarar og andre samfunnstoppar. Sistnevnte er interessante i massevis, ikkje misforstå meg, men av og til savnar eg å møte folk der folk lever, heimelaga kaker med ein kopp kaffe og det å parke