Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 21, 2011

Industriell søppelkalkun - festmat?

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat. Trykt som kronikk i Bergens Tidende 21.desember 2011. Jula er rundt hjørnet, og hos mange står kalkun på festmenyen. Då NRKs Forbrukerinspektørene laga programmet «Egg og kylling» om fjørfeproduksjon i Norge (12. oktober), sleppte ikkje journalistane inn på Nortura sitt slakterianlegg. Vi kan spekulere i årsakene, men noko veit vi: Slakterianlegg i Norge manglar slakteriutstyr som er tilpassa storleiken på kyllingane. Mange kyllingar, etter bedøving, passerer knivane utan å få halsen avskoren, altså utan å bli avliva. Enkelte slakteri har hatt fritak frå slakteriforskrifter slik at kyllingane i praksis vart slakta levande, utan bedøving. Når vi veit dette, er det tryggast å stenge dørene og servere forklaringar om at slakting er eit sterkt syn som ikkje passar seg på tv. Vi veit at kyllingtransportane til Nortura køyrer utan varme på om vinteren (for å spare