Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 23, 2010

Kva tjener det norske forbrukarar å ha det falske skillet mellom økologisk og konvensjonell mat i Norge?

I realiteten er det så og sei ingen skilnad, men Øikos framprovoserar konflikter og påstår hardnakka at der er skilnader på økologisk og konvensjonelt landbruk. Av og til lurer eg på om dei er totalt blotta for elementær kunnskap i biologi. Du skal tru godt på nissen for å tru at økologisk landbruk i Norge er noko anna enn ein avart av konvensjonelt. Vi har sett ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket både nasjonalt og internasjonalt, skriv Bjørn Egil Flø i dagens Klassekampen. Det er sant. Skilnadane er marginale, om dei finst. Lat oss ta to banale ting: kilde er Bioforsk. Under svenske forhold er det bare marginale forskjeller mellom kyr på økologiske og konvensjonelle gårder mht. jurhelse, reproduksjon, lengde på produksjonstiden og metabolisme rundt kalving og tidlig laktasjon. Dette indikerer at dyrehelsen under økologisk melkeproduksjon er like god som den konvensjonelle på disse områdene”. Nils Fall, 2009 En rekke uavhengige undersøkelser har git...

Økofjols vil no at Biola ikkje skal heite Biola.. Dei treng visst litt omtale, stakkars overkjørte økofjols

For øyeblikket er Oikos svært bekymret over det sviktende salget av økologiske meieriprodukter de to siste årene. Salgsnedgangen begynte i februar 2008 da Tine flyttet «Ø»-merket til baksiden av kartongen. Samtidig økte de prisen, står det. Kan det også vere at forbrukarane ser gjennom det falske merkevara økologisk? Det kan tenkes. Økomat er i stor grad ein merkevarebløff. Eg har eit forslag. Økobønder: begynn å kaste stål over låven dykkar istadenfor å bruke homøopatisk medisin. Det er cirka like effektivt, og det ville for alvor fått fram useriøsiteten i store delar av økoregelverket. Økologisk og konvensjonelt er same shit, different wrapping i Norge. .

Bygstadrevyen: homsehumor og bomskot på revysjangeren pluss enkelt glitrande sketsjar

Søndag var det revy i Bygstad, altså Bygstad-revy. Den vert omtalt som årets kulturhappening i bygda. Dette set visse krav til at den skal vere bra, og ikkje berre vere årets fordi den tilfeldigvis er den einaste. Eg fekk på førehand beskjed om at eg ville forstå meir av Bygstad ved å sjå denne revyen, kva no det måtte bety, men iallefall drog eg på Samfunnshuset. Revyen er prisa til stive 200 kroner, noko som er i overkant dyrt, men greit nok. Det skjer ein gong i året, og det ligg ei mengde arbeid bak. Det er sikkert verdt det. Søndag kveld klokka 19 var det ikkje fullt hus. Revynamnet er For fulle hus utan takhøgde, men det var sikkert fullt lørdag og på den tidlegare framvisninga søndag. Dette har eg ikkje sjekka, men det er sannsynlig. Lat oss kike litt på papirprogrammet som alle besøkande fekk utdelt på stolane i salen. Det hadde bilete av to nissar og ei høg målestong utanfor samfunnshuset, mellom anna. Ganske morsomt. På side ein inni programmet var det ei "kjære pu...