Gå til hovedinnhold

Kva tjener det norske forbrukarar å ha det falske skillet mellom økologisk og konvensjonell mat i Norge?

I realiteten er det så og sei ingen skilnad, men Øikos framprovoserar konflikter og påstår hardnakka at der er skilnader på økologisk og konvensjonelt landbruk. Av og til lurer eg på om dei er totalt blotta for elementær kunnskap i biologi. Du skal tru godt på nissen for å tru at økologisk landbruk i Norge er noko anna enn ein avart av konvensjonelt.

Vi har sett ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket både nasjonalt og internasjonalt, skriv Bjørn Egil Flø i dagens Klassekampen. Det er sant. Skilnadane er marginale, om dei finst.

Lat oss ta to banale ting: kilde er Bioforsk.

Under svenske forhold er det bare marginale forskjeller mellom kyr på økologiske og konvensjonelle gårder mht. jurhelse, reproduksjon, lengde på produksjonstiden og metabolisme rundt kalving og tidlig laktasjon. Dette indikerer at dyrehelsen under økologisk melkeproduksjon er like god som den konvensjonelle på disse områdene”. Nils Fall, 2009


En rekke uavhengige undersøkelser har gitt samme konklusjon: Det kan ikke påvises forskjeller i ernæringsmessig kvalitet mellom økologisk og konvensjonelt produserte matvarer.


Kvifor tillates ikkje avløpsslam som gjødsel i økologisk landbruk?

Svar: Fordi det i følge den biodynamiske lære er slik: Folkegjødsel er "død" gjødsel som ikkje inneheld dei kosmiske livskreftene som blir kalt "jeg krefter".

Det er så useriøst og dumt at eg har store problemer med å forstå at Øikos virkelig kan gå ut og kreve Biola produsert av økomelk. Økomelk og konvensjonell melk er same shit, different wrapping. Øikos bedriv bevisst spreiing av desinformasjon og forbrukerlureri. Det spørs om dei ikkje bør henvisast til Forbrukarkontoret, eller høgare instans for å drive villeiande reklame og spreiing av løgn. Øikos er og blir useriøse. Det har dei idag bevist atter ein gong med sitt, unnskyld uttrykket, idiotiske krav om at Biola skal framstillast av "økomelk". Øikos veit like godt som meg at økomelk og konvensjonell melk er same shit. Dei driv med forbrukerbedrag, lite anna.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...