Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 19, 2013

Har du lurt på kor ekte historiene i Elise-bøkene faktisk er? Dei er faktisk veldig ekte.

Eg gleder meg! Det blir spenningsbok. Bok to om Elise legg seg, frå starten av, to spenningshakk over bok ein. Testlesarane meiner den er ganske nifs, men ikkje for nifs. Litt nifst må det trass alt vere når Elise er i praksis! Kilder til historier, miljø og bakteppe i Elise og mysteriet med dei døde hestane : Bakom synger skogene, Trygve Gulbranssen Gøsta Berlings saga, Selma Lagerlöf Mannen som lytter til hester, Monty Roberts Dette er hytta eg budde i. Og hytta der Elise og Kalle bur Case frå praksis er henta frå Jämtland i nord-Sverige. Alle er autentiske og medisinsk korrekt attgitt. Hesten Anton er beskriven ned på detaljnivå korrekt, med diagnoser, symptomer og behandling, dag til dag. Han var min pasient, og eg brukte journalen hans då eg skreiv boka for å attgi den korrekt, men hesten er i boka flytta til eit anna miljø som på ingen måte minner om dei glimrande eigarane som tok seg av "den verkelege Anton". Alle pasientar i boka og all

Held du kaninen din i eit lite bur? Gratulerer! Du kan smykke deg med tittelen "dyreplagar"!

Burdyr? Nei. Foto: Marit E Buseth Kaninen Erling (10) fikk beinskjørhet, leddgikt, slitasjeforandringer i ryggen og ble deformert på grunn av manglende muskulatur. Ti år i bur...  Les denne gode artikkelen i Dagbladet om kva som skjer med kaninen. Kva slags mennesker er det som held dyr på denne måten? Ein kan spørre seg. Du kjenner sikkert nokon. Vanlege folk som ikkje bryr seg, og som ikkje burde hatt dyr fordi dei mangler kompetanse og interesse. Dette er klare brot på lov om dyrevelferd. Dyreplageri er ikkje lov i Norge . Men paradoksalt nok, i Norge kan kven som helst halde dyr, og det er ingen tvil, når ein har vore ute i felten og sett på dyrehaldet, at kven som helst ikkje er kvalifisert. Kanin er eit av dei mest mishaldne kjæledyra vi har, ofte verre enn pels. Mange kaninar sit eit heilt liv i eit knøttlite bur aleine. Dei kan leve opp til tolv år. Kaninen er eit dyr som kan springe opp mot 45 km/ timen, og er svært sosiale. Det seier seg sjølv at desse dy