Gå til hovedinnhold

Held du kaninen din i eit lite bur? Gratulerer! Du kan smykke deg med tittelen "dyreplagar"!


Burdyr? Nei. Foto: Marit E Buseth
Kaninen Erling (10) fikk beinskjørhet, leddgikt, slitasjeforandringer i ryggen og ble deformert på grunn av manglende muskulatur. Ti år i bur... 


Les denne gode artikkelen i Dagbladet om kva som skjer med kaninen.

Kva slags mennesker er det som held dyr på denne måten? Ein kan spørre seg. Du kjenner sikkert nokon. Vanlege folk som ikkje bryr seg, og som ikkje burde hatt dyr fordi dei mangler kompetanse og interesse.

Dette er klare brot på lov om dyrevelferd. Dyreplageri er ikkje lov i Norge. Men paradoksalt nok, i Norge kan kven som helst halde dyr, og det er ingen tvil, når ein har vore ute i felten og sett på dyrehaldet, at kven som helst ikkje er kvalifisert. Kanin er eit av dei mest mishaldne kjæledyra vi har, ofte verre enn pels. Mange kaninar sit eit heilt liv i eit knøttlite bur aleine. Dei kan leve opp til tolv år.

Kaninen er eit dyr som kan springe opp mot 45 km/ timen, og er svært sosiale. Det seier seg sjølv at desse dyra ikkje passar i små bur aleine. Hald av kanin i små bur er ikkje noko betre dyrehald enn industriell kyllingproduksjon. Det er antakeleg like stort omfang av dårleg dyrehald i private hushaldningar med kjæledyr som det er i industrilandbruket, men mange dyreeigarar ønsker ikkje ta til seg informasjon om skikkeleg dyrehald. Dei har så liten kunnskap at dei ikkje ønsker lytte til korleis dei kan betre sitt dyrehald. Dei trur at ein kanin, så lenge den sit pent, er lykkeleg. Det er vanskeleg å tru, men ja, slik er mange dyreeigarar.

Vanskeleg å halde oversikt over kven som har desse kjæledyra er det også då dei ikkje er registrert og kan kjøpast i ein dyrebutikk like lett som du kjøper ei avis. Dei kjem ofte sjeldan til veterinær, fordi ingen bryr seg eller skjønar at dei treng hjelp, og når dei skjønar det, er det ofte for seint. Kaninar som kjem til dyrlege er ofte så dårlege at løpet er kjørt. Dei har blitt vanskjøtta, fått feil mat og site i bur i mange år. Dei har eigarar som aldri skulle ha hatt kanin.

Mange trur at kanin skal ha gulrot, men gulrot for kanin er like ille som chips og brus for oss. Dei skal heller ikkje ha epler. Dei skal ha gras, høy og urter, og der finst kaninfor. 

Mange trur det held å la kaninen hoppe rundt nokre minutt eller halvtime per dag. Dette er feil. Dei skal helst gå lause heile døgnet. Og dei skal vere fleire ilag. Å halde einsam kanin er ikkje riktig hald av kanin. 

Av og til kan ein lure litt på folk sitt skjønn. Forstår dei verkeleg ikkje at kanin og andre dyr ikkje skal haldast på slike måtar? Ein kan jo begynne å lure av og til. Enkelte meiner visst at kanin er til for oss, og difor kan vi behandle den nett som vi vil. Fordi vi eig den og har betalt den. Enkelte har horrible syn på dyr. Eit dyr er eit levande vesen, ikkje ein ting. 

For å gjere det heilt enkelt for til og med den minst kompetente dyrehaldar: hadde du likt å sitte i bur heile livet? Svaret gir seg sjølv, og dyr er ikkje ulike oss på denne måten, sjølv om dei er andre artar enn oss. Dette er så enkelt å forstå, men mange verkar benekte det. Kanskje orkar dei ikkje, eller vil ikkje, ta innover seg at dei er dyreplagarar. Kanskje gir dei faktisk katten.

Der finst gode naboar som tek seg av kaninar som vener og bekjente held på denne måten, og det er faktisk lov å gripe inn og sei frå om du kjenner til folk som misheld kaninar. Dei er ofte så kunnskapslause at dei ikkje er klar over det sjølv. Dette er folk som ikkje bør ha dyr. Og det er lov å gi beskjed. I følge Lov om dyrevelferd er du pliktig. Det er verken uhøflig eller kjipt, det er å vise ansvar.

Lære meir? Eg har laga ein faktavideo om hald av glad kanin ved hjelp av Marit Emilie Buseth som er intervjua i Dagbladets artikkel.

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo.


Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...