Debattomtale: Bedriftsforbundets paneldebatt mellom fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane, Førde 14.april:
  Terningkast TO.  Eg savnar friskare ordveksling, konkrete henvisning, konkrete tiltak, innhald og at politikarane viser at dei har kompetanse og innsikt i sakene dei snakkar om. Dette var i stor grad fråverande hos alle utanom Trude Brosvik (Krf) og Frank Willy Djuvik (Frp).  Frå innleiinga til Bedriftsforbundet: (til stades var ei handfull mennesker)  Siste hundre åra har vi blitt 17 000 menneske meir i Sogn og Fjordane.  «Vi skal bli eit fylke der det er trygt og enkelt å ferdast» er slagordet. Og Bedriftsforbundet ber fylket prioritere brukarfinansierte bompengeprosjekt i Sogn og Fjordane.   Offentlig og privat har spleisa på internett med 150 millionar kroner. (Ja og det virkar «kjempebra»).  Vi skal bli eit fylke der alle løfter i flokk (dvs at folk skal punge ut frå eiga lommebok for å få vegar som ikkje rasar ut og drep ungane deira).   Norvald Nøringset (SV)  snakkar om at SFJ ikkje har satsa på sentrumsutviklin og ergo kome i bakleksa. Difor må ein no satse på utvikling av s...