Gå til hovedinnhold

Debattomtale: Bedriftsforbundets paneldebatt mellom fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane, Førde 14.april:


Terningkast TO.

Eg savnar friskare ordveksling, konkrete henvisning, konkrete tiltak, innhald og at politikarane viser at dei har kompetanse og innsikt i sakene dei snakkar om. Dette var i stor grad fråverande hos alle utanom Trude Brosvik (Krf) og Frank Willy Djuvik (Frp).

Frå innleiinga til Bedriftsforbundet: (til stades var ei handfull mennesker)

Siste hundre åra har vi blitt 17 000 menneske meir i Sogn og Fjordane.
«Vi skal bli eit fylke der det er trygt og enkelt å ferdast» er slagordet. Og Bedriftsforbundet ber fylket prioritere brukarfinansierte bompengeprosjekt i Sogn og Fjordane.

Offentlig og privat har spleisa på internett med 150 millionar kroner. (Ja og det virkar «kjempebra»).

Vi skal bli eit fylke der alle løfter i flokk (dvs at folk skal punge ut frå eiga lommebok for å få vegar som ikkje rasar ut og drep ungane deira).

Norvald Nøringset (SV) snakkar om at SFJ ikkje har satsa på sentrumsutviklin og ergo kome i bakleksa. Difor må ein no satse på utvikling av sentrum i fylket, men istadenfor satsing blir det strid, ikkje samarbeid, som alltid. Nøringset er for bompengar, det er han nemleg oppvaksen med på tre kantar av øya han kjem frå. Det var ferjer på alle kantar, ferjer er ei form for bompengar. Bompengar og ferje er eit feitt, ifølge Nøringset.

Åshild Kjelsnes frå Ap seier at næring og samferdsel heng tett saman (som om vi ikkje visste det), og ein kan ikkje ha gode bedrifter utan gode bu og arbeeidsområder. Mykje har skjedd fordi vi har lyfta ilag (det er vel difor folk flyttar). Vi har fleire bompengeprosjekt som snart er ferdig betalt. Bompenger gjer det mulig å få til det ein ønsker, seier Kjelsnes som på Fylkestinget har uttalt at vi ikkje treng meir folk i Sogn og Fjordane. Vi er nett passe mange. Yeah right.

Og vidare seier Kjelsnes: vi har ikkje hatt same utvikling i fylket vårt som i andre fylker pga manglande nord-sør struktur ved kysten. Vi treng folkevekst, og må få bygd Kystvei. (Ein annan del av forklaringa er kanskje at ein har hatt trege politikarar som ikkje har sett poenget med folketalsvekst og folk med høgare utdanning før fylket har kome så langt bakpå at det ser mørkt ut, eg har ei rekke kilder i systemet som fortel om lite flatterande haldningar når det kjem til folk med høgare utdanning blant SFJs politikarar).

Jenny Følling, fylkesordførarakandidat frå Sp og ordførar i Gaular, seier at vei er det viktigaste for å få til utvikling. Det det er vei kjem det utvikling (det kom som ei overrasking). Godt stamveiområde er vi avhengige av med gul midtstripe (gul midtstripe? Og så bygger de Dalsfjordbru? Kva med rasfarleg vei? Er det meir ærefullt å dø på ei gul midtstripe enn på ein veg utan?)

Ein må kreve inn peng over alt, seier Følling. (Dette kan bli dyrt, kvifor skal eg flytte hit om eg skal måtte betale fletta for å køyre på ein geitesti?) Sp vil dra fleire midlar til SFJ ved å vise at vi bruker bompenger, og ønsker å utvikle arbeidsplassar for dei som ellers ikkje får seg jobbar her (som kven? Det sa Følling ingenting om. Kven er det ho vil ha hit? Tåketale. Konklusjonen er at det kjem til å bli dyrt å flytte til Sogn og Fjordane med bompengar på kvar sving. Og skal eg betale i søkk og kave for å køyre på vegar så dårlege at telehiva lett kunne ha erstatta Widerøe si flyrute til Oslo? Gi meg litt perspektiv her).

Så kom Venstre på bana. Og snakka om at utviklinga i SFJ er som den er pga hakje satsa på noko nytt. Vi har store ressurs og verdiskapning her, framtidsretta råvarer og næringar som vi kan utnytte betre enn det vi gjer idag (jada). Vi må satse på gründere og næringsutvikling og trekke til oss folk med høg utdanning (jada jada men korleis i hulaste tenker de gjere det? Det er eit ekstremt overfokus på gründerara, dei fleste ønsker ikkje å bli gründerara. Dei ønsker seg ein streit, fast jobb. Vis oss litt handfaste greier og argument).

IKT, samferdsel, veinett, flyforbindelsar, sa Venstre og ramsa opp alle orda dei kan frå ordlista. (Jada jada de har stort ordforråd men innhaldet er jo ikkje der. Kva tenker de gjere med Widerøes monopol i Førde som gir skamhøge billettprisar? Er de klar over at ein av dei viktigaste tinga folk ser på når dei skal flytte til distrikta, er korvidt der finst gode kommunikasjonsmuligheter vekk derifrå, feks til Oslo).

Venstre støttar då også bompengefinansisering. Ein må ha bompeng for å få utvikling og samferdsel (ein har heilt klart akseptert si rolle som ein utkant, ein periferi der ein sjølv må løfte om ein skal få noko. Greit nok, men sexy er det ikkje).

Så kom Trude Brosvik frå Krf og Gulen på bana. Brosvik er ein politikar som skil seg ut, ein av to i dette panelet. Markert, ærleg og tydeleg dyktig på sakskunnskap. Solid. Brosvik er også for bompengar, og har aldri irritert seg over bomepengar (det var det fleire som sa, dei gleda seg faktisk til å betale bompenga i Fjærland, der er vi svært så uenige). E39 og Kystveien er viktige, sa Brosvik.

Så kom ho med eit essensielt og godt poeng, konkret. Det mest konkrete i eit til no tåkete panel.
Vi har utfordringar knytt til klima: flaumar som tar bruer, vi har ras, og ifjor tok det femti millionar kronner av samferdselsbevilgningane våre å rydde opp etter klimaet. Her må vi få til eit samferdslefond som dekker utgifter til å bygge opp att det naturen ødelegg. Vi skal ikkje straffes for å bu i dette vakre fylket. (Dette er eit særdeles godt, konstruktivt og konkret forslag).

Brosvik snakka også om like rettar for sjølvstendig næringsdrivande. Feks fødselspermisjon. (Her snakkar vi: det er slike ting som må på plass før ein kan begynne å snakke om satsing på gründerar, og det er fordi slike ting ikkje er på plass, at folk helst vil ha ein vanleg streit jobb, så får politikarar plapre i veg om gründerar så mykje dei vil. Det er ingenting i det pratet før det grunnleggande er på plass. Eg er sjølvstendig næringsdrivande, ikkje gründer, men kan bli det på sikt, det ser vi an, men tom plapring om å starte eiga verksemd frå folk som berre liker å bruke ordet, ikkje har kjennskap til innhaldet, er ikkje interessant).

Noralf Nistad frå Høgre vil ha fokus på det positve og mulighetene som finst i Sogn og Fjordane. At vi har god helse og trivsel og dei flinkaste elevane i landet (dette tyder på ein kjedeleg valgkamp frå Høgre ettersom alt dette er allment kjent, og har blitt terpa og terpa på i år etter år etter år, og sjå kor det tek oss? Mot botn av statestikken. Gi oss meir krutt, Høgre)

Så snakka Nistad om kvifor SFJ sakker akterut (løftet om å fokusere på det positive varte i nøyaktig tretti sekund). Fylket sakker akterut fordi det ligg for nær Bergen, og det blei bygd ut rundt Bergen og Bergen blei brukt som hovedstad. Så sa Nistad at det er viktig å få fram handlingsrommet og bedrifters spelerom (kva meiner han i grunn?), før han sa at tal skuleelevar i VGS går ned, og at dette er ei utfordring (ja, men kva tenker du gjere? Vi veit alle at dette er ei utfordring. Ikkje undervurder folks allmennkunnskap her, Nistad. Å gjenta enkele overskrifter frå gamle utgåver av Firda er ikkje akkurat noko du vinn fram med).

Og til slutt sa  Nistad ja til spleiselag og kreative løysingar (eg trur ordet kreativt betyr noko ganske anna her enn kva eg er van med) og han betaler seff bompenger med glede. (Sjølvsagt).

Til slutt kom Frank Willy Djuvik frå Frp til ordet. Han var, ved sida av Brosvik, den einaste politikararen i panelet. Han reiste seg opp, gjekk fram på golvet, snakka høgt og tydelig og viste oss at han er eit av dei store politiske talenta i fylket, uavhengig av parti. Det er klasseforskjell, og det hadde vore artig om ein kunne stille ein litt fargerik fylkesordførarakandidat i dette valget, men det skjer ikkje.

Djuvik seier at vi må spele på og vidareutvikle det positive i SFJ. Infrastruktur og gode tilbud via skuleskyss, kollektiv og varetransport. Sentersatsing er å knytte saman regionar, bu ein stad og arbeide ein annan for eksempel. 45 minutts regionen er den viktigaste. Djuvik er ikkje for bompeng og er interessert i å sjå om ein ønsker å forfordele til prosjekt med bompengar. Han vil ha folkeavstemning om bompengar.

Etterpå var det debatt der fleire av representane kappast i å gjenta seg sjølv. Det er ikkje så mykje å referere til, men det går an å håpe at vidare debattar blir meir konkrete i framtida. Det er ganske kjedeleg å høyre på politikarar som ikkje vågar, eller ikkje kan spisse seg og som ikkje er konkrete, berre snakkar i enkle overskrifter. Ein mistenker då at dei mangler sakskunnskap. Dette er ikkje veldig tillitsvekkande.

Debattens vinnar var utan tvil Trude Brosvik og Frank Willy Djuvik. Resten var vanskelege å skille frå kvarandre. Eg savnar friskare ordveksling, at politikarane viser at dei har kompetanse og innsikt i sakene dei snakkar om. Dette var i stor grad fråverande. 


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb