Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 15, 2011

Ideologi og økologiske kyr.

Spørsmål: kvifor er det ein del veterinærar som konsekvent ikkje et økologisk mat? Tenk på det når de les denne teksten. a) fjern doble karantenetider ved medisinsk behandling av landbruksdyr Alle dialogar og settingar er omskrivne til det ugjenkjennelege, men innhaldet er korrekt. Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio. Eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt. Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Det er ein veldriven gard på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som i stor grad bygger på ideologi heller enn på kunnskap om dyrevelferd. Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite, har vore dårlege i fleire dagar og ein mistenker no at dei lir av parasittangrep. No står

Ulovleg bruk av fotos på nettet kan gi ekstra inntekter

Økonomitips: fakturer feitt for illegal bruk av fotos. Observerte for eit par år sidan med interesse at avisa Firda hadde ulovleg publisert ein haug av mine fotos. Det er amatøraktig, sjølvsagt ikkje uventa frå Firda si side, men på den andre sida casha eg inn ein del gryn på det. Sende ut ei fin faktura. Hadde også ein gong før sagt frå til dei om ulovleg fotobruk, men det vart ikkje forstått, og dermed gjentatt. Dei skjønte ikkje eingong problemet. Deira sak. Deira penger, no mine penger. Så om nokon stjel bilda dine, send ei feit faktura. Du kan ta tredobbel pris av frilansprisen, utan å blunke. Det er dagens økonomitips. Og det kan vere ganske grei fortjeneste på slikt. Uheldigvis/ heldigvis er dei fleste medier for proffe til å gi deg sjansen til å tjene desse ekstra gryna.