Gå til hovedinnhold

Ideologi og økologiske kyr.


Spørsmål: kvifor er det ein del veterinærar som konsekvent ikkje et økologisk mat? Tenk på det når de les denne teksten.

a) fjern doble karantenetider ved medisinsk behandling av landbruksdyr


Alle dialogar og settingar er omskrivne til det ugjenkjennelege, men innhaldet er korrekt.

Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio. Eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt.
Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Det er ein veldriven gard på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som i stor grad bygger på ideologi heller enn på kunnskap om dyrevelferd.

Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite, har vore dårlege i fleire dagar og ein mistenker no at dei lir av parasittangrep. No står kvigekalvane i låven og ser molefonkle ut. Vekta skrantar. Dei er sløve.

Medan bonden fangar kalvar, fortvilar han over regelverket. Bonden ristar på hovudet, som så mange gongar før. Fordi han er økologisk, får han ikkje lov til å parasittbehandle dyra sine før dyra har fått kliniske symptom på parasittangrep.

Denne forbodsregelen er høgst diskutabel og i sommar gjekk veterinær og informasjonssjef i det svenske veterinærforbundet, Johan Beck-Friis, ut i Aftonbladet og ba Krav gi slepp på ideologien for dyra si skuld. Under overskrifta «Stivbeinte Krav-reglar gjer at dyra har det vondt» («Stela regler gör att Krav-djuren far illa») argumenterte Beck-Friis mot eit Krav-regelverk som bygger meir på ideologi enn på virkelighetsforankring.

Beck-Friis peika på at det er forbode å behandle Krav-dyr forebyggande, altså eksempelvis ved å gi dei parasittbehandling mot flått, innvolsormar og flugemark. Dette trass i at førebyggande behandling ofte er det einaste alternativet som eksisterer.
Krav-regelverket krev at ein ventar med å behandle dyra til kliniske symptom på parasittangrep har oppstått. Årsaka til at ein ikkje tillet prevantiv behandling, er eit ønske om lågast mogeleg medikamentforbruk.

Problem: ventar ein til dyra viser kliniske symptom, er dei ofte alt ille medtekne. Ofte er det for seint å iverksette tiltak og dyra må avlivast. Andre sjølvdaudar. Eksempelvis blir mange søyer sjuke av innvolsorm under høgdrektighet og ein del av desse dør. Lamma stryk også med. Søyene veks ikkje som dei skal, og får diare, hoste og allvorleg anemi. Dei får også store posar under haka. Dette er eit tydeleg klinisk symptom.
Regelen er eit stygt eksempel på ideologi som går framfor hensynet til dyrs ve og vel.

Då eg fekk kjennskap til forbodet, rista eg uforståande på hovudet.
Du tøysar med meg? Verkeleg? Er det ikkje slik at økologisk landbruk har eit tøffare regelverk for hald av dyr? Økologisk landbruk skal då ikkje ha eit regelverk som undergrev dyrs helse og hindrar dei skikkeleg stell. 

Men etter å ha sett meg inn i både veterinær fagkunnskap og i regelverket, veit eg at Krav-regelverket er borti staur og veggar på mange punkt. Dette er også Krav-bøndene klar over. Difor gir mange katten. Dette kan eg, som veterinær, ikkje anna enn støtte dei i.

På garden må eg ta fleire blodprøvar og sende prøvane inn til eit laboratorium, som så sender svaret tilbake til meg. Dette kostar pengar. Det tek tid, men verst av alt: Innan svaret er klart, kan dyra ha blitt verre og bonden kan ingenting gjere. Det hjelper ikkje verken med øks over låven eller anna overtru. Her må det antiparasittmidlar til, lik det eller ei.

Hadde økokalvane på denne garden stått i Norge, hadde dyra vore prevantivt behandla før ein slepte dei på beite. Dette er godt når vi veit kor mange titusen sauer ekstra som kvart år ville ha lide ein langsam og pinefull død på fjellet. Tenk deg eksempelvis ein sau med flugemark over heile kroppen. Eg hugsar enno ein sau frå ein av min barndoms fjellturar. Sauen låg mellom grantrea, kroppen var eit einaste stort sår fullt av fluger. Det kunne ha vore eit svensk økofår.

Eit par dagar seinare står eg nok ein gong iført grøn frakk og stølvar hos nok ein Krav-bonde. Det er tidleg på morgonen. Vi har nett drege ut ein kalv. Den sat godt fast.
Bonden klødde seg fælt i hovudet då eg kopla saman kalvekjettingane. Han hadde aldri sett makan til samankopling, og det hadde ærleg talt ikkje eg heller. Men trass fantasifulle feilkoplingar drog vi ut kalven lett som berre det. Etterpå drakk kua førti liter vatn, og eg og bonden ein liter kokkaffe på deling.

Denne kua fekk ha kalven hos seg. Ein Krav-kalv skal helst gå die Krav-mora i heile råmelksperioden, vanlegvis i minst tre døgn. Slik er det også i Norge. Dette høyrest vel og bra ut, men det svenske veterinærforbundet er kritiske. Beck-Friis uttaler i Aftonbladet at kalvingsboksen er nedsmitta og at kalven risikerer å plagast med sjukdomar seinare i livet om den oppheld seg her for lenge. Han påpeiker vidare at det etter tre døgn har oppstått så sterke mor-kalv relasjonar at dyra vert negativt stressa når ein så skil dei. Dette har i sin tur negative helseeffektar. Beck-Friis meiner difor kalv og ku bør skiljast frå kvarandre alt første døgn. Dette meiner også ei rekke bønder som er sterkt kritiske til tredagars regelen. Dei driter i den, rett og slett. Undersøkingar utført i Norge, viser også at nokre norske økobønder tek kalvane frå tidlegare.

Men det negative biletet er ikkje eintydig. For sjølv om det er ein klar forskningsdokumentert samanheng mellom kor lenge ku og kalv har gått i lag, og kor sterkt dei stressmessig reagerer ved adskillelse, antar ein at helsefordelane ved å gå ilag i tre dagar eller meir er større enn bakdelane. Studier viser større vektauke hos kalven, og redusert forekomst av jurbetennelse hos kua. Alt dette kan vi lese om i artikkelen «Veterinærers syn på kalvehelse og -velferd i økologisk melkeproduksjon i Norge» i Veterinærtidsskriftet 6/2010. Her kan ein også lese at veterinærar har liten kjennskap til regelverket rundt økologisk husdyrhald. Dette er kanskje ikkje så rart all den tid ein aldri lærer noko om det på veterinærhøgskulen, iallefall gjekk det meg hus forbi. 
 
Norsk forskning viser også, ganske sjølvsagt vil mange sei, at ein kalv som får gå med kua dei seks til åtte første vekene av livet, veks to til fire gongar så mykje som ein gjennomsnittlege kalvar, samt held seg mykje friskare. Veterinæren bak funnet er Ann Margaret Grøndahl.

På veterinærhøgskulen sine heimesider kan vi lese at så godt som alle kalvar i melkeproduksjon blir tekne frå mora umiddelbart etter fødsel. Denne praksisen er eit dyrevelferdsmessig problem, meiner Grøndahl som seier at kalvane som går utan mora får i seg for lite mat, og at underernæring truleg er ei viktig årsak til dei sjukdomsproblema vi ser hos kalvar. 

Kalven drikk med andre ord langt meir når han går saman med mor si enn når den får tildelt ei bøtte med smokk som sin livsledsager. Ikkje uventa er Gro Nylander einig med konklusjonane.

Men tilbake til sistnevnte Krav-bonde. Han er ein småbonde i svensk skala og har jobb på si. Ein av dei få eg møter. Dei fleste er fulltidsbønder. Holstein-kyr står på rekke og rad når ein ser utover båsrekkene i fjøsen. Dei går ute kvar dag i tre månader kvart år, er velstelte og reine. Eg spør ikkje, men desse kyrne melkar garantert godt. Den mest høgtmelkande svenskekua eg traff melka godt over 13 000 liter i året. Norsk Rødt Fe kan berre gå og legge seg. I snitt melkar ei norsk ku 7 100 liter på eit år. 
 
Gardane her i mitt område er for det meste svært veldrivne. Bøndene har god snøring. Som ein seier her borte: Du overlever ikkje som bonde i Sverige om du ikkje er dyktig. Dei fleste råtne bondeegg er renska ut, og godt er det når vi veit korleis enkelte presterer å drive. Nokre fordelar har ein altså av ein beinhard landbrukspolitikk.

Svenske bønder stemmer derimot, underleg nok, Moderaterna og var sterke pådrivarar for EU-medlemsskap sjølv om dette medførte at ei rekke svenske gardar gjekk dukken fordi dei ikkje makta tilpasse seg EU-regelverket på nittitalet. Når ein no køyrer frå gard til gard, passerar ein låve etter låve med attgrodd veg. Som tause monument over ei svunnen tid ruvar dei svarte og usynlege i natta. Dei har ikkje hatt tid på seg til å rase saman, men om ein ti års tid vil området minne om ein slags skipskyrkjegard på land om ingen tek på seg jobben med å rive. Her er heller ingen som bygger hus. Å bygge hus her er synonymt med ruin. Dersom du ein gong skulle få lyst til å selge, får du aldri att pengane her ute på bygda. Difor leiger folk seg hauggamle hus og bur skeivt, skakt og billeg i staden.

Og mellom to av desse ramleferdige låvane, eit kjøpesenter og endelause industriområder, ligg nok ein Krav-gard. Vi kastrerer oksar og pratar om Norge.
Har de odelsrett?
Bonden brøler av latter. Han synest det er latterleg.
Ja, seier eg. Eg synest også det er latterleg.
Lat oss skifte tema. Eg spør han kvifor han la om til økologisk.
Økonomien, seier han.
Ja, tenkte eg det ikkje, tenker eg fordomsfullt. Økologisk landbruk handlar om gryn, lite anna. Det er betre å forhalde seg til skrullete reglar for hald av ku enn å gå konkurs. Men spør du fagfolk, har dei eit klart inntrykk av at dyrevelferda er betre hos dei økobønder som har lagt om til økologisk drift av meir ideelle årsaker, enn hos entrepenørane og tilskotsspekulantane iblant dei.
Økonomi, økonomi, økonomi, seier han.

Eg forstår, seier eg, for eg forstår faktisk dette ganske godt når forklaringa tre lattersalver seinare ligg på bordet: Før brukte denne bonden like mykje pengar på å kjøpe inn sprøytemiddel og kunstgjødsel som det han tjente inn at på avlingane han dyrka. Han gjekk i null. Bonden la difor, som ei rekke andre konvensjonelle bønder, deler av marka brakk. Årsak: det kosta meir å dyrke denne jorda, enn kva bonden tjente på det som vaks på henne. 
 
Etter at han la om, har han ikkje lenger dette problemet. Tilskota er auka, inntektene er auka. Han dyrkar all no all jorda si og økonomien går betre. I fjøsen har han hundre kyr. Dei står på bås og den eine ga meg eit drabeleg spark i ræva.
Men det regelverket for hald av dyr, er eit helvete, seier han og ler.
Eg kan ikkje nekte. Eg kan heller ikkje late vere å le.
I det same stikk eine oksekalven av med kastreingstanga mellom beina.
Nok ein nybyrjarfeil med andre ord. Kalven har fått for lite beroligande.
Men ballar har økologiske oksar uansett ikkje bruk for. Dei skal slaktast, alle som ein, og bli til deilig mør Krav-biff i butikken. Kva som skil dei frå konvensjonell biff, er meg dyrevelferdsmessig ei gåte.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb