Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten evolusjonspsykologi

Ut av eifelbeinsfallosen på Blindern. # Hjernevask

Arv + miljø = menneske. Arv og miljø kan til og med føre til at eit menneske blir kjønnsforskar. Eg såg Hjernevask episode ein heime i Bygstad i Sogn og Fjordane ilag med mine foreldre, cirka femti mil frå kulturgryta i Oslo. Den fysiske avstanden frå Bygstad til Oslo er ein ting. Den kulturelle avstanden mellom mange medie- og kulturfolk i Oslo og folk heime er mange gonger så stor. Etter programmet spurde eg difor meg sjølv: kven er det Harald Eia skal overbevise? Kven er programmet mynta på? Folk flest, om ein kan nytte eit slikt uttrykk, meiner at vi er resultat av arv og miljø slik vi lærte på barneskulen. Eia treng ikkje overbevise desse. Men i enkelte av Oslos indre kretser eksisterer ein sterk skepsis til biologiens betydning for menneskets utvikling. Eit par dagar etter første episode sat eg på Wideroe-flyet tilbake til Tigerstaden. I sekken låg eit gammalt Klassekampen. 25.februar, etter Manifest-frukost med Harald Eia, sa Magnus Marsdal til avisa at Eias progr...

Har Lorentzen forskningsdata som beviser at Eia er i førtiårskrisa? I såfall, biologiske eller kulturbetinga?

Lorentzen, eg må dessverre legge an ein litt nedlatande tone all den tid det er denne tonen du sjølv opptrer i... Vi veit at du er ein tullete kjønnsforsker, men seriøst. Ikkje gidd å angripe Harald Eia for å vere i førtiårskrisa . Var det ikkje du som fornekta biologien? Da veit du jo at førtiårskrise ikkje finst i ditt univers. Alder er nemlig biologisk. Vi blir eldre, biologien forandrar seg, vi kjem i ehh... krise?? Eller meiner du alder er kulturelt betinga? I nokre samfunn blir vi gamle, i andre ikkje? Og her til lands kjem vi i kriser frå tid til anna, eller har du data på at dette skjer over alt? Så kjære Lorentzen, kan du forklare Harald Eias førtiårskrise som biologi eller som kultur? Og meiner du, Lorentzen, at du har faglig belegg for å trekke fram Eias skillsmisse i ein debatt på TV? Og er grunnlaget ditt i såfall kultur eller biologi eller statestikk, eller er du rett og slett berre like usaklig og uinteressant og aggressiv og uinteressert i debatt som det du alltid fram...

# Hjernevask: Eia - kjønnsforskere: 1-0

Eg likte dette programmet, men spør likevel: Er NRKs Hjernevask mest av alt ein drakamp mellom Harald Eia og kjønnsforskarane vi er vitne til, eller eit oppgjer mellom Eia og sosiologien han ein gong studerte? Årsaka til at eg spør er: Eia avdekker ikkje så mykje nytt. Mest avdekker han det vi alt veit: at biologi betyr noko og samfunn noko. Det er ikkje mange seriøse forskarar som lenger benekter at der er biologiske forskjeller mellom kjønna, unntatt Jørgen Lorentzen kan hende, men vi veit jo alle at kjønnsforskning mest av alt er ein underhaldningsdisiplin i dette landet. Det er derimot ei myte der ute og den lyder slik: venstresida benekter at biologi har betydning. Denne myten er og blir ei myte. Eg er dermed sagt ikkje ukritisk til evolusjonspsykologien. Den har svakt metodegrunnlag. Eg er spent på om Eia går inn på metodane dei nyttar i forskninga si, dette med fleirmodularitet og steinaldersamfunnssosiologi, eller om han kun skal surfe overflata og sjå på praktiske eksperi...

Dyrisk psykologi

I mars kjem boka «The Male Brain » avden amerikanske nevropsykiateren Louanne Brizendine . Dette er ei bok alle kvinner besett av tanken på ein spesiell mann, må lese, står det i omtalen på Brizendines heimeside. Det står også at mannens hjerne er ei radmager, simpel problemløysingsmaskin. Ein manns hjerne er besett av rang og hierarki, skriv Brizendine. Eg er svært spent på å sjå kva dokumentasjon Brizendine kjem til å nytte. Mykje av evolusjonspsykologiens dokumentasjon for forklaring av menneskets åtferd kan nemleg seiast å vere særdeles spekulativ. Les kvifor evolusjonspsykologien er spekulativ, og heile signert-artikkelen min i helgas Klassekampen , side tre.

Alle kvinner: pass opp for symmetriske menn!!

Er du kvinne og ser etter ein fast partner? LIGG UNNA SYMMETRISKE MENN! Eventuelt play around med ein symmetrisk hottie, mens du søker etter ein skeiv partner som kan ivareta deg og dine barn på sikt. Du kan ikkje få både i pose og sekk, må vite. Symmetriske menn bedrar deg og stikker av til neste babe, mens den usymmetriske mannen, som diverre ikkje er i stand til å gi deg like gode orgasmer, blir hos deg for evig! Romantikk!! Og om du ikkje ønsker deg skakke barn: ver utro med symmetriske menn!! Sei ingenting til din skakke partner, og han vil leve lykkelig utan å vite! Han blir eit offer for evolusjonen, du blir ein vinner! DU får ein mann som tar vare på dine barn, din mann lever lykkelig og skakt uvitende om at han fosterer opp ein annan manns genetiske avkom, og den symmetriske, utro mannen som gir deg FANTASTISKE orgasmer, får spredd sine gener og skaper enda fleire symmetriske menn som kan ride rundt på damene medan dei skakke oppdreg barna deiras. GOD SJEKKING!!! The Female Br...