Gå til hovedinnhold

Ut av eifelbeinsfallosen på Blindern. # Hjernevask

Arv + miljø = menneske. Arv og miljø kan til og med føre til at eit menneske blir kjønnsforskar.


Eg såg Hjernevask episode ein heime i Bygstad i Sogn og Fjordane ilag med mine foreldre, cirka femti mil frå kulturgryta i Oslo. Den fysiske avstanden frå Bygstad til Oslo er ein ting. Den kulturelle avstanden mellom mange medie- og kulturfolk i Oslo og folk heime er mange gonger så stor.


Etter programmet spurde eg difor meg sjølv: kven er det Harald Eia skal overbevise? Kven er programmet mynta på? Folk flest, om ein kan nytte eit slikt uttrykk, meiner at vi er resultat av arv og miljø slik vi lærte på barneskulen. Eia treng ikkje overbevise desse. Men i enkelte av Oslos indre kretser eksisterer ein sterk skepsis til biologiens betydning for menneskets utvikling.


Eit par dagar etter første episode sat eg på Wideroe-flyet tilbake til Tigerstaden. I sekken låg eit gammalt Klassekampen. 25.februar, etter Manifest-frukost med Harald Eia, sa Magnus Marsdal til avisa at Eias program kunne oppnådd mykje av sitt erklærte formål ved å bli sendt på intranett oppe på Blindern.


Eg trur Marsdal har rett. Eias program har oppstått fordi Eia og hans våpendragarar ser ut til å leve i eit slags vakuum i kultur-Oslo der der visstnok finst sterke skiller pro kontra biologiens betydning. Dette miljøet er svært lite, men viktig nok til å måtte bekjempast i beste sendetid.


Eia er beredt på å bli kalt facist. Av kven? Eg tippar av blant anna Senter for tverrfaglig kjønnsforskning på Blindern. For sjølv om Eia aldri lærte om biologi då han studerte sosiologi, er ikkje dette einsbetydande med biologisk fornekting av alle som ikkje sjølv er biologar.


Eia blir iallefall ikkje kalt facist av meg. Eg er naturvitar. Eg synest han gjer ein artig jobb. Det er eit morsomt program. Eg berre spør meg kva som var greia med all denne hypen om «kontroversielt program» i førekant? For dette er på ingen måte kontroversielt. Det er enkel allmennkunnskap: vi er arv, og vi er miljø. Gener spelar ei rolle, samfunnet vårt ei anna. Vi kan derimot debattere inn i evigheten kor stor prosentandel som er miljø og kor stor prosentandel som er arv. Vi kan også debattere evolusjonspsykologiens metodar til vi blir grøne og blå, men kvifor ikkje.


Dette er på ingen måte snikbiologisering slik Marie Simonsen skriv i Dagbladet 2.mars. Då har ho i ikkje fulgt med i timen. Faget er stort, og det og pumpar ut ei mengde bestselgarar på verdsbasis. Dermed bør det også belysast og debatterast.


Men Eia har sagt at han inntar ein såkalt «kontroversiell mellomstilling» ved å påpeike at vi er arv og miljø. Kontroversiell for kven? Eg tek meg i å lure på om Eia berre forheld seg til eit særs lite utvalg biologifornektande kjønnsforskar på Blindern i sin retorikk. I den Oslo-baserte «kultureliten» blir det sagt at der visstnok er sterke polar pro kontra korvidt biologien i det heile tatt er av betydning for korleis vi blir som menneske, og kva vi i andre omgang kan oppnå her i livet.


Eg tippar ideen om programmet oppstod etter å ha lese Steven Pinkers «The Blank Slate» og eller andre godt skrivne amerikanske populærvitskaplege bøker i evolusjonspsykologi. Desse bøkene er svært godt stoff, men må lesast svært kritisk. Dette ser det ikkje ut til at Eia har gjort.


Det er lett å bli hekta, men det Pinker skriv, er intet nytt. Det er basic evolusjonsteori innpakka i godt språk, spekka med cliffhangers, anekdoter og kasus, akkurat som Hjernevask. Godt fortalt populærvitenskap med andre ord, og bestselgarar på verdsbasis. Kven vil ikkje forstå seg sjølv og det andre kjønn? Alle vil vi det. Difor les vi Pinker og co. Difor ser vi Hjernevask. Også Pinker omtaler seg sjølv som kontroversiell. Kanskje ikkje så rart når han frontar eit fag som på mange måtar er særs spekulativt og lite vitskapleg.


Eg lurer vidare på kven det er Eia har snakka med i research-fasen? Det er då ingen, eg får lyst til å tilføye «med vettet i behald», som meiner at biologi er utan relevans for korleis vi menneske endar opp. Kanskje bortsett frå kjønnsforskarane Jørgen Lorentzen og Cathrine Egeland som deltok i episode ein. Difor kunne ein kanskje ha spart seg for påstander som «facist» og «kontroversiell».


Det høyrer med til historia at begge desse forskarane, om ein ser på CV-en, er blotta for bakgrunn i realfag. Kan ein seriøst forske på kjønn utan å kunne ein pøkk om biologi på same tid som ein fornektar?


Les Elin Ørjasæters kommentar på E24.


Som naturvitar, eg er utdanna veterinær, er det elementær innsikt at vi er eit resultat av arv og miljø. No skal vi difor som eit tankeeksperiment ta desse to kjønnsforskarane sine ressonement over på dyr. Dette vil sikkert bli oppfatta som pervertert i visse kretser, men det får gå. Det blir ikkje feil av den grunn.


Sjå på ein hest eller ein hund. Desse dyra blir i stor grad påverka av korleis du oppdreg dei, akkurat som eit menneske. Du kan lære ein hest opp til å bli sirkushest eller travhest, men det er ingen som ville finne på å benekte at ein hest er biologi sjølv om den lærer seg å trekke ei vogn. Ei vogn er unektelig kultur, eller miljø om du vil.


Om Lorentzen og Egelands totale avvising av natur skulle ha halde vatn, ville ein også kunne påstå, i ytterste konsekvens, at ein sirkushest kun er miljø, ikkje biologi. Det ville vere totalt latterlig, men denne fundamentale feilslutningen gjer altså både Lorentzen og Egeland i episode ein, vel å merke på vegne av oss menneske. Det framstår som vulgært kunnskapslaust.


Vi er vel uansett mange som etterkvart har fått eit ganske useriøst og synsete inntrykk av ein del kjønnsforskarar, men så på jordet arrogante kan dei vel neppe vere? Eller er dei det? Då er det på tide det kjem fram i lyset kva slags fantasiverd dei befinn seg i oppe i elfenbeinsfallosen.


Difor: velkommen til Eia og co.


Og Eia tar for seg. Han brukar sleggeteknikken. Han opptrer enkelt, han skapar reaksjonar, spelar på følelsar, drar anekdoter, er personlig i god taboid stil. Difor maktar han også å underhalde oss som ikkje har fornekta verda til fordel for eifelbeinsfantasiar. Fordi det handlar om sex. Vi vil gjerne forstå. Kvifor er vi som vi er? Kvifor blir kvinner sjukepleiarar og menn ingeniørar? Svaret har vi ikkje funne, sjølv om mange liker å påstå det. Difor bør vi leite vidare.


Eg seier ikkje dermed at alt som kjem fra i Hjernevask er rett og riktig, men debatten om biologien kan vi godt ta, om enn på ulik måte: For oss som veit at vi er arv og miljø, blir programmet reinspikka lett underhaldning. For folket i elfenbeinsfallosen på Blindern som fortsatt tillet seg å avvise Moder Natur, blir Hjernevask ei elementær innføring i at arv + miljø = menneske. Arv og miljø kan, om ein kombinerar det rett, tru det eller ei, til og med føre til at eit menneske blir kjønnsforskar.


Les meir: Har Lorentzen forskningsdata som viser at Eia er i førtiårskrisa? Er det i tilfelle biologisk eller kulturelt betinga?

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb