7. mar. 2013

Damene som vender full, fast jobb ryggen og fortel om livet med små barn er den nye vinen.

KVINNEDAGEN: I anledning kvinnedagen har eg skaffa meg to heilt nye bøker som tek opp problemstillingar knytt til, lat meg seie det enkelt, kvinneliv. Da det personlige ble politisk er ei sakprosabok som tek opp kvinne- og mannsbevegelsen på 1970-talet, og er ei lettlesen og engasjerande (fordi den inneheld så mange refaransar, sitat og erfaringar) bok.
"Ingen fortalte deg at ekteskapet skulle føre til et liv i fullstendig isolasjon, at det egne lille hjemmet skulle bli et fengsel, at du skulle bli drevet til randen av sammenbrudd fordi du aldri har et voksent menneske å snakke med. Du klarer ikke å leve opp til forventningene om å være en prektig mor (Bang 1973:11)." s 34
Kvardagen kom, då som no, som julekvelden på kjerringa. Den gong: husmortilværelsen er ikkje så glamorøs som den vart framtilt. No: full jobb og ungar er ikkje så enkelt som det damablada fortel oss.
"Kvinner blir framstilt som fanget, satt i bur av samfunnets urealistiske forventninger som de dessverre har gjort til sine egne." s 34
Dette kan vel trygt seiast å også gjelde dagens kvinner. Men idagens samfunn er problemstillinga snudd: ein opplever forventinga til at ein skal ha full jobb, pluss ta seg av ungar og familie, som eit fangenskap. Før var det forventninga til at ein ikkje skulle ha nokon jobb, som var fangenskapet.

I dagens samfunn kan dei fleste kvinner velge. Likevel er klagesongen der. Klagesongen handlar om at kvinner føler dei er "tvinga til å arbeide fulltid" fordi "samfunnet forventar det", og om dei då ikkje gjer det, klagar dei på at dei vert sett på som mindreverdige. Ja, omtrent slik går det. Og så bruker ein tid på å forklare sine valg: deltid eller heimeverande, nett som kvinner få tiår tilbake måtte bruke tid på å forklare kvifor dei var så "uansvarlege at dei arbeidde". Og desse forklarande kvinnene ser vi stadig i media.
Nokre, som sosiaologen Linn Stalsberg, problematiserer strukturelle utfordringar. Les intervju med henne i dagens Aftenposten. Rundt førti prosent av norske kvinner arbeider deltid, dei fleste av desse finn vi i lågstatusyrker. Stalsberg kjem no med ei ny bok Er jeg fri nå? på Aschehoug.
Trenden er tydeleg om ein ser på bok- og medieverda der ei rekke kvinner står fram og fortel om sitt valg om å sei opp jobben, trappe ned, og starte for seg sjølv for å få tid til ungar og jobb. Det er inn i tida å stå fram og fortelle kor hardt det er å vere kvinne med full jobb og små ungar. Kvinnene som taklar dette, er henvist til dameblada og bortforklart som "ikkje virkeligheten". Men joda, mange kvinner takler faktisk fint full jobb og ungar. Det har visst berre blitt litt utrendy å stå fram med det. Då får jo alle deltidsarbeidande og heimeverande komplekser, eventuelt får dei ei oppfatning av korleis livet med småunger er som ligg langt frå virkeligheten. Og den dagen dei står midt oppi det, kjem kvardagen som julekvelden på kjerringa og dei skuldar på feministar og andre for at den travle kvardagen kom litt brått på. Dameblada viste ikkje heile realiteten! Nei, men ærleg talt, kven trudde vel det i første omgang?
Damene som vender full, fast jobb ryggen og fortel om livet med små barn er den nye vinen. Dei skapar trass alt ingen komplekser nokonstad då det dei står for er dette: vi innser at vi maktar ikkje alt. Dei er menneskelege. Ein gløymer visst at det også finst menneskelege  kvinner i full jobb som taklar barn på same tid. Folk er no ein gong forskjellige.
Eg har ingenting imot deira valg. Dei vel som dei ønsker. Det er flott. Problemet er når ein begynner å skulde på andre når ein skal forklare "mindreverdskjensla", eller følelsen av å ikkje strekke til, for valga dei har teke.

Rett til full jobb og snakk om likestilling vert nemlig omtolka til "du skal ha full jobb" og "alle skal gjere det same og leve like liv". Her finn vi altså ein tolkningsmessig kortslutning. Ja, omtrent slik går leksa. "Å ha rett til" blir tolka som "du skal". Frie valg vert tolka som "plikt" og "må".
"Frustrasjonen og sinnet delte de norske kvinnene med sine medsøstre i mange vestlige land. De delte også gleden ved å finne sammen i et kvinnefellesskap." s 34
Den gong fann dei saman i kvinnesaksforeningar og diskuterte like rettar for kvinner. No finn mange saman på web og hyllar deltid og heimetid. Før var du i opposisjon om du var feminist, no er du i oppisjon om du vel deltid. Eller, nei, det er du ikkje. Deltid er ganske så mainstream, blant kvinner. Og sjelden høyrer vi om kva mannen driv med i desse kvinnenes liv. Han er fråverande i historia.

Line Konstali, forfattar av boka Ikke bare mamma, etterlyser fokus på forbruk, levestandard og konsum i ein kronikk i Aftenposten 4.mars. Høge krav til livet, i form av materialle goder, fullført utdanning, bustad gjer at mange kvinner og menn må jobbe fulltid for å få det til å gå rundt. Dette er eit valg ein sjølv kan gjere noko med, skriv Konstali. Ein kan faktisk kutte ned på forbruket.

På Facebook vart det igår diskutert deltid vs fulltid, og fleire kvinner skreiv at dei valgte deltid på grunn av "prioritering" og "viktig". Og at småbarnstida er viktig. Dette er sjølvsagt. Men det er tydelegvis mest kvinner som prioriterer, eller synest det er viktig, eller tek ansvaret frå menn og legg det over på seg sjølv. Det er ingenting spesielt å skryte av at ein ikkje deler ansvaret likt med sin mann. For når ein seier at ein prioriterer å vere heime, så seier ein på same tid at mannen eins ikkje gjer det, eller ikkje får det, for ein av partane må vel jobbe for å tjene penger medan den andre prioriterer det viktige. Rar logikk, og den backfirer ganske heftig på kvinners menn, som ergo, ved å jobbe fulltid, ifølge desses logikk, verken prioriterer eller anser unger som viktig. Rar retorikk. Eller kanskje kvinners måte å forklare og rettferdiggjere for seg sjølv valget dei tar. Kva med at menn og kvinner delte på å arbeide deltid, samt "prioritere" og vektlegge "viktige ting"?

Mange av dagens kvinner føler seg moralisert over av kvinner som arbeider for alle kvinners rett til full jobb og lønn på linje med menn. Dei føler seg stempla av desse fordi dei sjølv arbeider deltid eller er heimeverande. Det er litt som å kjefte på meg fordi eg køyrer Mercedes og du ein gamal Saab. Irrasjonelt. Eg kan like lite hjelpe for ditt valg av bil, som du kan for mitt. Om du får komplekser grunna min bil, er det ikkje mitt ansvar. Teit parallell, tenker du? Kanskje det, men det er same prinsipp.

I boka "Da det personlige ble politikk" fortel ei kvinne om moras erfaringar, som utearbeidande kvinne i eit miljø der dei fleste kvinner var husmødre. Igjen er det heimeverande kvinner som kritiserer den arbeidande:
"Hun har jo formidlet fordommer som hun møtte når hun realiserte seg på ulike fronter. Det gjaldt både i hverdagen blant kolleger, i det politiske liv. Så jeg har alltid hatt det blikket, og så er jeg vokst opp i et hjem med veldig blikk for sosial urettferdighet. Så der tror jeg det var en sterk rettferdighetsfølelse, den opplevelsen av at kvinner ikke skulle ha like muligheter, at kvinne skulle bli fordømt for handlinger som menn ikke blir fordømt for, for eksempel i forhold til seksualitet. At noen skulle legge begrensninger i forhold til forventninger til hvordan jeg skal være, se ut, den typen kvinnebilder som en fikk i veldig mye av i populærkulturen, sånne ting var vi naturlig veldig opprørt over." s 35
Ei av dei etterkvart mange som vel å fortelle om kor hard kombien mamma/ full jobb kan vere, er Karianne Gamkinn, kjent som bloggaren Mammadamen.

Ho har gitt ut ei ganske triveleg bok som handlar om ei småbarnsmamma i full jobb, anno 2000-talet. Tittelen er Beklager, jeg må være mamma. Det framstår mest av alt ei slags bekjennelsesbok til trøst for mammaer som føler seg utrilstrekkeleg som arbeidstakar og mor, men er litt for personlig og referanselaus til å vere spesielt interessant i eit større perspektiv. Eg synest i grunn det er dumt å skulle vere å streng mot ei bok som openbart er godt tenkt, men dette har vi lese før, og boka står i sterk kontrast til andre bøker, eksempelvis Bitterfittan av Maria Svealand, som tek opp same tema og som gjer det langt betre, men antakeleg for ei anna målgruppe. Der Gamkinns målgruppe kan tenkast vere kvinner i liknande situasjon, er Svealands målgruppe ei langt større då den maktar sette problemstillingane inn i eit allmennmenneskeleg perspektiv med ein lysande litterær penn. Kvalitet gir større nedslagsfelt, og her har Gamkinn mykje å gå på, både fortellerteknisk og innhaldsmessig. Regien er altfor slapp, og ho gjentek ofte dei same poenga.

Beklager, jeg må være mamma handlar om Gamkinns eige liv som småbarnsmamma i tidsklemma med full jobb, og sjølvsagt handlar den, som alle slike bøker, om at kombien småbarn/ jobb ikkje er så lett som ein har lese seg til (trur virkelig folk på alt som står i vekeblad??).

Content is king, heiter det innanfor markedsføring: du må tilby kunden din godt innhald for å lokke dei til deg, enkelt sagt, og her ramlar Gamkinns bok dessverre gjennom. Uansett vil det utvilsamt vere mange som fell for innhaldets relevans. Den angår trass alt ei rekke kvinner. Og nettopp difor er det synd boka er såpass "framlagt" då Gamkinn utvilsamt har ein del interessante poeng som no "druknar", eller etterkvart vert kjedeleg å lese, fordi det gjentar og gjentar seg i repiterande øvingar i å ta poenga opp igjen og igjen. Men dette plagar kanskje ikkje målgruppa. Det er mykje patos. Men, igjen, boka treff antakeleg ein del kvinner. Og nokre av dei som kjenner seg att i boka, trykker den til sitt bryst, nett fordi den taler til nett dei, og kanskje er det nett desse Gamkinn ønsker nå. I tillegg til å skape debatt rundt kvinnedagen. Debatten er derimot ikkje ny. Vi såg nøyaktig den same ifjor.

Kvart år blir det gitt ut bøker i anledning kvinnedagen. Fort ut, raskt gløymt. Det er i grunn litt dumt at kvinnedagen har blitt ein slik dag der forlaga kan tømme ut halvbra bøker om likestilling, feminisme, kvinnekamp, u name it. Bokbissniss rundt kvinnedagen er ein årleg happening. Men i år fekk vi da også "Da det personlige ble politikk". Bra.

Eg er også svært usikker på om Gamkinn har skjønt heilt kva feminisme er for noko, då ho i ein kronikk i dagens Dagbladet skriv dette:
Det er på tide å definere feminismen på ny. Vi trenger ikke lenger å si at å være frigjort og likestilt betyr å strekke og kutte båndene til barn, hjem og familie. Vi trenger ikke lenger å si at feminist er lik fulltidsjobb og full barnehage. Vi er der, og vi må inn på et nytt spor. Feminismen må anerkjenne de typiske kvinnelige oppgavene og verdiene. La mor være malen for far i stedet for omvendt.
Faktafeil: Feminisme set nemleg ikkje likhetsteikn mellom å vere frigjort og likestilt, og å kutte band til barn, heim og familie. Ta eit google-søk på feminisme. Slike faktafeil bidreg til å undergrave inntrykket ein får av bokas kvalitet.

Vidare skriv ho i kronikken at feminismen må annerkjenne dei typiske kvinnelege oppgavene og verdiane, samt la mor vere mal for far i staden for omvendt. Ja, det er jo det feminismen går ut på ved å ønske seg meir tilstadeverande menn, og likestilling, noko som inneber fordeling av kvinnelege oppgaver til menn, og mannlige til kvinner, altså like muligheter og oppgavedeling uavhengig av kjønn. Vi har deling av fødselspermisjon, ønske om at også menn skal kunne jobbe deltid om dei ønsker utan å bli uglesett av sjefen. Ein ønsker lik lønn for likt arbeid, slik at det også kan bli naturleg for menn å gå ned i stilling, ikkje berre kvinna fordi ho tjener minst. Altså, om du ser på SV, som er eit definert feministisk politisk parti, så arbeider dei for slike saker.

Boka passar antakeleg best som lektyre for andre som er opptekne å få bekrefta sine eigne meiningar og sin eigen situasjon: ja, eg er normal. Ja, der finst andre som meg. Boka i seg sjølv er ikkje konfronterande. Den tek i det heile lite stilling, utover at Gamkinn sjølv gjer valg i situasjonar: jobbe fulltid, byte jobb, blir sjølvstendig næringsdrivande, utfrå eigne valg i eigen situasjon. Fint lesestoff, og sympatisk prosjekt, men skulle hatt ein langt strammare regi. Eg trur dette tema kan gjerast meir allmennrelevant og interessant, men denne boka maktar ikkje den oppgava.

Den som vil lese ei virkelig god bok om same tema, om enn heilt annleis fortalt, kan som sagt lese Bitterfittan av Maria Svealand. Den har glitrande nærgåande skildringar og er briljant litteratur. Svealand "legg ikkje berre fram stoff", ho gjer det med glitrande litterær penn og maktar gjere det relevant, som ei allmennmenneskeleg erfaring av å leve, langt utover kva ein måtte ha av personlege erfaringar.

Ei anna svært god bok, er boka "Jag skulle aldrig ljuga för dig" av Moa Herngren. Den handlar om ein kvinneleg psykolog, dregen mellom familie og behov for å bestemme sjølv. Denne er skjønnlitterær, men skjønnlitteratur funkar ofte like godt til å fortelle denne typen historier som såkalte "sakprosa". Eg er usikker på om Gamkinns bok kan gå under benevninga sakprosa, grunna nivået.

Svenskane er i det heile gode på denne sjangeren, og om du blir hekta er sjølvsagt Sara Stridsbergs bøker å anbefale, samt Linda Skugge. Linda Skugge skriv glimrande om kaoset som gift og småbarnsmamma. Fantastisk lesestoff, også for andre enn dei som treng oppsøke bøker som fortel dei at "du er ikkje aleine".
 Ein kan sakne slike skribentar i Norge.