Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 9, 2010

Veterinær i Tine, Liv Sølverød, vil heller ikkje besvare kvifor Tine lyg. Løgn er ein del av Tines strategi. Etterpå skal den tildekkast.

Tine lyg på tv, i aviser og på melkekartongar. Dette vil dei ikkje dementere. Dei held på sitt, og legg sjølv fram statestikk som dokumenterer at dei lyg. Det er spennande. Det er artig å jobbe med denne saka, og eg får stadig meir tåkete informasjon i hende frå Tine. Dei har invitert meg på møte, og dette skal eg virkelig vurdere. I mellomtida publiserer vi litt saker og ting på denne bloggen. Internett er sabla effektivt. Sitata under er henta får kommentarfeltet på denne bloggposten. Eg skriv i kommenterfeltet til Liv Sølverød: Hei. Ja det hadde vore interessant å møtes, men eg vil gjerne ha dokumentasjon på dette Galtung har sagt om at det mest vanlige synet er at norske kyr går ilag med kalv. Kunne du skaffe meg dette, eventuelt kan de innrømme at dette er feil? Eg jobbar med større prosjekter og treng denne kunnskapen der. Eventuelt må eg skrive at de framset faktafeil som de i etterkant tviheld på. Galtung vil ikkje svare på det. her er linken til saka hos ABC: http://www.

Bøndene bør kreve at Tine ikkje sprer om seg med ødeleggande faktafeil og vrangframstillingar

Denne saka kjem ikkje til å stanse her, eller med Forbrukerombudet. Om ein ikkje tek tak i markedsføringa og gjer den sannferdig og faktabasert, kjem slike saker til å ramme bøndene igjen og igjen. Ein må, og det er viktig, tåle å møte tabloid debatt i dagens medievirkelighet med anna enn defansiv retorikk. Kanskje fordi ein frå historia er van med angrep etter angrep. Det har gjort ein defansiv heller enn offansiv. Vi kan sjølvsagt ønske oss ei an medievirkelighet, men det har vi ikkje, og då må vi nesten forholde oss til den som er der. Eg brukar tøffe tabloide verkemiddel, innhaldet i mine saker er ikkje feil av den grunn, men sakene blir tydelige. Det er bra. Ein slår gjennom mediemuren. Det er ikkje eg som ødelegg for bøndene, det er Tine som har valgt å handtere fakta med ein harelabb. Dette må ein også rekne med at blir avdekt, difor stiller eg meg svært undrande til kampanjen. Bønder bør bli sinte på Tine som ødelegg på vegne av dei alle med sin harelabbaktige omgang med fak