Gå til hovedinnhold

Bøndene bør kreve at Tine ikkje sprer om seg med ødeleggande faktafeil og vrangframstillingar

Denne saka kjem ikkje til å stanse her, eller med Forbrukerombudet. Om ein ikkje tek tak i markedsføringa og gjer den sannferdig og faktabasert, kjem slike saker til å ramme bøndene igjen og igjen.

Ein må, og det er viktig, tåle å møte tabloid debatt i dagens medievirkelighet med anna enn defansiv retorikk. Kanskje fordi ein frå historia er van med angrep etter angrep. Det har gjort ein defansiv heller enn offansiv. Vi kan sjølvsagt ønske oss ei an medievirkelighet, men det har vi ikkje, og då må vi nesten forholde oss til den som er der. Eg brukar tøffe tabloide verkemiddel, innhaldet i mine saker er ikkje feil av den grunn, men sakene blir tydelige. Det er bra. Ein slår gjennom mediemuren.

Det er ikkje eg som ødelegg for bøndene, det er Tine som har valgt å handtere fakta med ein harelabb. Dette må ein også rekne med at blir avdekt, difor stiller eg meg svært undrande til kampanjen. Bønder bør bli sinte på Tine som ødelegg på vegne av dei alle med sin harelabbaktige omgang med fakta, ikkje på meg som skriver om det. Det er sjølvsagt nokre som blir sinna på meg, det forstår eg jo. Dette slår jo harde sprekker i Tines merkevare, men Tine er skuld i det sjølv. Hadde dei ikkje servert faktafeil på faktafeil, hadde eg ikkje hatt noko å skrive om. Det tok meg fem minutt å knekke reklamen. Det var litt for enkelt. Det var altså for dårlig arbeid bak.

Om det blir meg eller andre som slår til neste gong, veit ein ikkje, men informasjon som kjem fram i slike debattar som denne her på nettet, der bonde etter bonde går i strupen på meg, ikkje på Tine som jo er ansvarlig for kamanjen, seier oss ein heil del. Meg kan de ikkje ta rotta på, men mine innlegg kan opplyse folk om Tines kampanje. Den er ikkje sannferdig.

Det de kunne gjere, for å kome ut av dette med skinnet i behald, er å sjølv forlange frå Tine at ein som markedsførar dykkar produkt, framstår sannferdig. Dette er noko de har krav på som leverandørar, og det er viktig at slike tema blir tatt opp til debatt. Om de ikkje tåler debatt om eigne kampanjer, er det klart at det er noko gale med kampanjen. Eit kvart produkt må tåle å bli gått i sømme. Om dei ikkje tåler dagslys, er det virkelig noko ein må diskutere.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...