Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 3, 2009

Twitter: eit elitefenomen. Facebook er for alle

Idag var eg på seminaret Amatørene kommer på IMK på Blindern. Norge ser ut til å vere verdensmester i facebook. What else is new? Vi er eit modent postindustrielt samfunn. Ålreit. Men vi har ikkje kome så langt at vi leser blogger, ikkje enda. KUn åtte prosent av oss nordmenn bloggar, og 57 prosent les aldri ein blogg. Ikkje overraskande. Det som er litt interessant, er at kun 15 prosent av oss brukar Twitter. Det er kun 8 prosent i aldersgruppa 15-29 år, 7 prosent i gruppa 30-34 og 4 prosent i 40-59 som brukar Twitter. Nord-Norge og Trøndelag twitrar mindre enn resten av landet. Er Twitter eit elitefenomen? Opinionsledere er storforbrukere av sosiale medier. Facebook er dei sosiale medienes VG, og Twitter er dei sosiale medienes Dagens Næringsliv, eit nisjefenomen. Eit elitefenomen. Vi kan snakke om eit klasseskille i tradisjonelle medier, eller at dei tradisjonelle mediene skaper eit klasseskille mellom nisjemedier som Klassekampen og MOrgenbladet på den eine sida, og trashmediene