Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 2, 2008

Kirkenes - dag 1 til 5

Eg kom til Kirkenes mandag med hurtigruta. Kirkenes er eit eldorado om ein er interessert i industri og bissniss mot Russland. Eg kunne ha skrive mangt og mykje, mange titals sider og bloggar, men det har ein ikkje tid til når ein vandrar rundt og møter så mykje spanande folk. Det må bli når eg er tilbake i Oslo. Kirkenes Mekaniske verksted, Kimek, er ei av bedriftene som skal ansette mange i tida som kjem. Etterspørselen etter kompetansearbeidskraft er stor, det er arbeidstakers marked... Russiske krabbetrålarar på havna i Kirkenes. Fleire er ombygde amerikanske båtar med amerikanske leiing ombord sjølv om skipa er eigd av russiske selskap. Amerikanarane har lang fartstid som krabbefiskarar i Alaska og områda i nord. Russerane har henta inn kompetanse. Eg var i Kirkenes under Kirkenes-dagane. Her var ein del russisk innslag i gatene, blant anna med matroska-salg, og i teltet var det live musikk kvar dag, full stemning, dans på borda og smekka fullt med folk. På gata traff eg tre russ