Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 24, 2009

Flytt ikkje til bygda, seier dei til meg

Primus motor i Bygstad, Helge Kårstad, stangar hovudet i veggen når han vil satse nytt og friskt. Kårstad har fått Bygstad på kartet, skapt liv og røre, bryggedans og Storehesten opp. Ei ildsjel med andre ord. Men Gaular liker visst ikkje ildsjeler, som om det var ei overrasking. Gaular har ikkje kontroll på internett, ikkje vil dei ha turistar. Gaular er i ferd med å gå bli ein klatt med fin natur der folk bur fordi dei bur der, og som ellers er irrelevant, dei berre liker ikkje å snakke om det. Dei er nøgde med å ha litt farmar, litt byggefelt, litt folk, eit par buler å drekke pils, og så får dei som tar til takke med dette berre ta til takke, og dei som vil noko meir bør helst skjøne at dei må da halde seg i byen. Tilbuda her ekje så gode, må vite. Her er vi oss sjølv nok. Slik er visst bygda. Er det noko Sunnfjord har bruk for, så er det primus motorar som Helge Kårstad. Slike prosjekt trekker andre med seg og skaper positive vibber. Det finst nok av dei som står på bakbeina og ...