Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten oslo

Du er ei hore! Farlege Oslo: om å bli trakassert av utlandske menn i Oslo- min artikkel i vekas Morgenbladet

Eg har måtta hoppe ut av taxiar og finne meg i å bli fotfulgt natt etter natt. Er dette akseptabelt? NEI. Farlege Oslo, les heile artikkelen her.  Utdrag: Gjekk eg oppover gata, kom dei kryssande frå andre sida. Om eg ikkje snakka når dei snakka til meg, fortsatte dei å mase. Om eg svarte, fulgte dei etter. Eg har blitt fotfulgt frå Torggata til Birkelunden fleire gonger. Anten tett på, eller på andre sida av gata. Sjølv når eg har hatt følge, har eg blitt fotfulgt. Avslutning: Å sei at innvandrarmenn plager kvinner, er ikkje å sei at ingen etnisk norske gjer det. Å påpeike at innvandrarar plagar kvinner, er ikkje det same som å sei at alle innvandrarar plagar kvinner. Det burde vere unødvendig å påpeike. Å legge fram erfaringar, er ikkje eit bidrag til stigmatisering av minoritetar sjølv om enkelte forsøker å få det til å framstå slik. Når ein diskuterer overfallsvoldtekter som problem, treng ein ikkje vise til at dei fleste voldtekter skjer i heimen. Det er avspo...

Oslo er ganske fint i grunn

Fleire bilder kan du sjå her. Alle foto: A.Viken

Ufrivillig mannlig selskap i Markveien nattestid ..

Det er av og til ganske irriterande å vere kvinne. Du blir plystra etter og ropt etter og du blir ufrivillig fulgt heim av mørkhuda menn som står linja opp på begge sider av Markveien i Oslo og "wanna be your friend". Eg har blitt fotfulgt frå Akerselva til Birkelunden. Jadda, gutta. De er sikkert greie på bånn, innerst inne, langt borte og godt skjult under huden ein stad, men eg vil ikkje ha selskapet dåkas på vei heim frå byen. Likevel får eg det. Med mindre eg smeller til og ber dei ryke til helvete med god fart. Dette tørr eg vel å merke ikkje om eg går aleine, då risikerer eg å måtte bruke ein kilomter vei på at typen går ved siden av og seier "I just wanna be your friend, why you say fuck you????" Og så må du stoppe og vente til nokon andre kjem forbi som du kan henge på deg, og sjølv då gir ikkje dei verste av dei gutta her opp masinga si. Dei følger etter på andre sida av gata, eller like bak deg. Det hjelper knapt å oversjå dei. Då blir dei gåande ved sida...

The devil does not wear Prada

På flyplassen i Hyderabad kjøpte eg ein dunge superbillige DVD-ar, blant anna Sex and the City - the Movie. Og den har eg sett i kveld. Eg får berre lyst til å springe ut i byen og shoppe vilt og ukontroller, kaste alle kleda mine og springe avstad på eit treningssenter jo før jo heller for å ta av ti kilo, eller femten. Litt usikker på om det ville blitt pent?? Men det må nok til! Men istaden sit ein på kafe på asfaltløkka og drikke kaffe og stapper i seg is i den steikande sola til ein blir svidd og rød, trekker rundt på tunge sekkar og må drive å slite og jobbe og skrive. Kvar er fashion week? Kvar er fashion weeeeeek, og no snakkar eg ikkje om fashion week i Oslo, Oslo er ein liten søledam, eg snakker fashion week i New York. No må det bli slutt på å kjøpe den aller aller største isen som går an å få tak i, som er typisk meg, eller drikke så mange kopper kaffe som ein overhodet kan klare å få ned, som også er typisk meg, gjerne med sukkerbiter i, eller feste natta lang til neste d...

God påske!

Mine vintage øredobber frå New York.

Trikken - eg elskar deg

Eg elskar å reise med trikk, men trikken elskar ikkje alltid meg. Av og til er trikken veldig sein, og eg rekk ikkje t-banen, og av og til er det straumbrot og snø, og eg ryk uklar med trikken kavande i snø og mørke på veg i ein eller anna retning der trikken ikkje har samarbeidstilbod for øyeblikket. Men idag venta trikken på meg. Den køyrde litt framover frå stoppet på Birkelunden, så stansa den og opna døra så eg kunne gå på. Takk, gentleman, sa eg til trikkeføraren. Dette var sjelden vare frå ein trikk. Vanlegvis køyrer dei berre avstad. Når du sit på t-banen eller trikken, er du under huda på Oslo. Det er då du virkelig i byen, i blodet, føler deg urban. Eg er ein svoren trikk og t-baneelskar, og hadde det ikkje vore for at ein av og til har litt dårleg tid, kunne dei gjerne vore forsinka heile tida for min del. Eg hatar stress og mas. Vår tid er smekk full av begge deler, og av og til vurderer eg å ta ei tidsmaskin. Då tek eg gjerne trikken. Trikken er full av folk og lukter og l...

Lørdagskveld i Oslo 1

Mariavesper i Trefoldighetskirken - mektig. Lite anna kan beskrive. From Anne Viken-blogg From Anne Viken-blogg From Anne Viken-blogg

Symmetri i Oslo

City Living - does playing dart make you happy?

City living - Grünerløkka, Oslo