Gå til hovedinnhold

The devil does not wear Prada

På flyplassen i Hyderabad kjøpte eg ein dunge superbillige DVD-ar, blant anna Sex and the City - the Movie. Og den har eg sett i kveld. Eg får berre lyst til å springe ut i byen og shoppe vilt og ukontroller, kaste alle kleda mine og springe avstad på eit treningssenter jo før jo heller for å ta av ti kilo, eller femten. Litt usikker på om det ville blitt pent?? Men det må nok til!

Men istaden sit ein på kafe på asfaltløkka og drikke kaffe og stapper i seg is i den steikande sola til ein blir svidd og rød, trekker rundt på tunge sekkar og må drive å slite og jobbe og skrive. Kvar er fashion week? Kvar er fashion weeeeeek, og no snakkar eg ikkje om fashion week i Oslo, Oslo er ein liten søledam, eg snakker fashion week i New York.

No må det bli slutt på å kjøpe den aller aller største isen som går an å få tak i, som er typisk meg, eller drikke så mange kopper kaffe som ein overhodet kan klare å få ned, som også er typisk meg, gjerne med sukkerbiter i, eller feste natta lang til neste dag, som ikkje er så typisk meg lenger heldigvis, om ein tenker på svarte ringer under augene og sånne rynketing. Nok søvn er det første ein må tenke på. Så rikelig med salat. Men eg liker ikkje salat!! Dette med salat kan ergo bli eit problem. Eg tvangset nok epler som det er, eit i veka maks, har aldri likt frukt..

Ok. Salaten dropper eg, is må ein kunne ete. Dessuten er eg veldig flink til å trene. Eg trener og trener og springer og springer og løfter og herjer og sykler og svetter og sliter mange dagar i veka. Men det var alle desse Prada-veskene. Dei blir det vanskelig å få kjøpt inn i første omgang, med mindre ein skal begynne å jobbe den tida ein helst vil trene. Og skal ein ha Prada vil ein ergo gå opp i vekt. Det blir ein balansegang her: Prada eller trening? Eg velger trening i første omgang, men den jakka.. Eg må ha meg ei ny skinnjakke. Den gamle er ikkje fin nok.. hmm... The devil wears Prada, Anne wears Helly Hansen sekk. Det siste er ikkje bra.. Dessuten har eg juletreband i Helly Hansen-sekken. Det er ikkje pent. Det er heller ikkje pent at eg har hmm hengt opp gardinene mine med navnelapper frå diverse konferanser, dvs med nåla bakpå navnelappen. Det er beint fram utrendy. For ikkje å snakke om sofaen som eg fann i ein bakgard. Dette går ikkje lenger. Eg innser det. Livet som boms må ta slutt. Ut med alle vintage stoler og lamper og alt, eller hmm denne lampen min er verdt tusenvis av kroner på retrosjappene her på løkka. Og dei stolane.. hm ja rødt skinn, verdt ei lita formue. Anyone? Bytte mot Prada?

Åkkesom. Skrukorkrødvin.. Den må ut. Det går ikkje lenger.. men den er det i det minste ikkje eg som ha kjøpt sjølv. Den fekk eg for å sitte i eit debattpanel her om dagen. Debattpanel ja. hm.. det er mulig eg må begynne å ta ti tusen kroner for å sitte i eit panel. Jo høgare timelønn jo fleire Prada-vesker.. hmmm Christian Dior.. Ein debatt, ei Prada-veske? Tja.. men da er det mulig eg ikkje får sitte i eit einaste panel. Ein skal trass ikkje prise seg ut av markedet. Og om eg begynte å trakke rundt i Prada titt og ofte ville eg vel også få imageproblemer. Dette går ikkje opp. Reknestykket går ikkje opp.

Eg må tenke litt på det. Kva eg skal gjere. I mellomtida trener eg. Eg er i det minste ikkje ein millimeter over størrelse 38.. Eller, det er kanskje for svært? 36 er idealet. Hehe.. Ikkje rart ein ikkje blir gift. Anyone? Helly Hansen and some love? (Har ingen love handles å tilby men er ein jævel til å drikke rødvin og ete kake. Dessuten har eg hmmm ei ganske stor smykkesamling av ekte perler. Alle mine perler er ekte).

The devil wears Prada
Anne does not wear Prada
Anne is not an evil person

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...