Eg utfordrar Bioforsk til å forklare oss kvifor økolandbruket anbefaler homeopati framfor skulemedisin.
Direktør Bioforsk Økologisk Kristin Sørheim skriv i eit innlegg på Oikos sine nettsider at kjendisblogger (??) Viken har gått ut mot økolandbruk. Sørheim skriv at ho har også registrert en del synsing om at det blir forsøkt alternative behandlingsmetodar i øko husdyrhald (...). Ein variant av dette lesarbrevet har stått på trykk i Klassekampen 28.april 2011. Sørheim rullar tomme tønner og det kan sjå ut til at Bioforsk-direktøren ikkje kjenner til regelverket for hald av øko landbruksdyr. Difor skal eg her skyte ned Sørheims tomme tønner bevæpna med økos eige regelverk. Ein treng ikkje synse for å snakke om homeopati i økolandbruk Det er økolandbrukets eige regelverk vi snakkar om, og det er verkeleg nok. Ein treng ikkje synse når ein veit at veileder B om økologisk produksjon anbefaler alternativ behandling som førstebehandling når dyr i økologiske besetningar blir sjuke. Det held å sitere direkte punkt 4.7: Sykdomsforebygging og veterinærbehandling: «Natur...