Shocked into abstraction av Matias Faldbakken på Nasjonalmuseet. Eg såg utstillinga idag. Der var gaffatape på veggen, og ulike andre typar tape på veggen, og var ganske kult i grunn sjølv om eg tenker at det er ganske lett å tape litt gaffa på veggen og kalle det kunst. Frekt, rett og slett. Og heilt greit. Så eg tok med meg ein Faldbakken-plakat heim og hengte den opp, oppned, og der heng den godt. Deretter drog eg for å kjike på India Highway på Astrup Fearnley. Anbefales. Sterke bilder og mange figurar, blant anna ein oppned hest med firkanta hjørner som var malt rød. Det var også ein sterk videoinnstallasjon om vold mot kvinner i India, samt ein oppned by bygd av små metallboksar som skulle forestille slum. Sjå bildeserie her. Eg er ingen kunstkjennar, men å vandre rundt og kjike på kunst, former og uttrykk, i store, stille lokaler gir mange abstraksjonar og inntrykk. Det er litt som å vere på ferie frå verda utanfor. Det gir mange inntrykk og assosiasjonar som ein ikkje klarer ...