Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 2, 2011

Med døden på jobb

Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger. Signert-artikkel som stod på trykk i Klassekampen 1.oktober 2010 Eg har som veterinær havna oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Det er ikkje koselig å trekke på seg verneutstyr og masker, og gå inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig. Under ein sermoni i Roma i juni erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda. Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga av dampmaskina førte til at ein kunne sende levende kveg over store avstander med jernbane og skip. Konsekvensene var katas