Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 7, 2008

Eg fant ein genial blogg

Kloke damer har eg alltid hatt sansen for, og av og til kan vi som bur i Sogn og Fjordane få inntrykk av at her er det kattefight, damer fighter damer og Stig Eikås fighter fotograf Apneseth. Katrine Sele, journalist i Firda, er lei av filmgalning Randi Førsund og steingalning (steinkunstner) Stig Eikås, og eg må innrømme at eg sjølv trekker godt på smilebandet av ein del lesarinnlegg både underskrivne ein viss Eikås, ein viss Apneseth og ei viss Førsund. Dessutan trekker eg svært hardt i smilebandet når eg les lesarbrev av visse målfolk som ikkje er snaurare enn at dei erklærer bokmål for, kva i alle dagar var det det var, nesten omtrent djevelens språk. Eg kan sjekke ut formueringa, men nynorskens forsvararar er såpass lite sosialt- og samfunnsmessig oppegåande (får ein ofte inntrykk av) at dei burde skiftast ut før dei har føkka opp heile nynorsken (UUUPS! føkke opp er ikkje lov å skrive på nynorsk, men det er god damn meg ikkje lov på BOKKMÅLL heller). Men mitt poeng her var. Eg ha...