Eg les i desse dagar Drømmefakultetet av Sara Stridsberg. Denne boka er svært fasinerande. Den vekslar mellom Valerie Solanas oppvekst saman med mora Dorothy i ørkenbyen, der mora syklar til og frå huset med Valerie på bagasjebrettet og postar rosa brev til menn ho har fornærma, eller menn ho har blitt dumpa av. Dei syklar som vindar gjennom ørkenen, Valerie samlar døde ørkendyr i bakgarden, og mora stjel vesker på puben ho jobbar på og blir banka av den nye gubben når far til Valerie stikk av. Det er vanskelig å yte denne boka rettferdighet i ein omtale. Språket er heilt eksplosivt og det held det gåande side opp og side ned, utan å gi seg ein pause. Valerie rømmer heimefra og bur på stranda ilag med Silkegutt som samlar på døde sjøhestar, ho sel kroppen sin og går på stoff, ho begynner på universitetet, blir phd-student i psykologi, droppar ut, skriv SCUM - Society for Cutting up Men , og skyt popkunstnaren Andy Warhol. Storyen vekslar mellom Valerie sin oppvekst, opphaldet på menta...