Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 10, 2007

Nostalgisk identitetsdiskurs (Debatt Bergens Tidende 13.juni 2007)

Når nynorskfolk snakkar om skam og identitetskriser, underbygger det inntrykket av at dei er meir interessert i nostalgisk identitetsdiskurs enn praktisk språkbruk. Synd for nynorsken. Anne Viken, journalist og student. Frå Bygstad, bur i Oslo. (Innlegget er eit svar på responsen som kom på min kronikk, Ein konvertitts bekjennelse, som stod å lese i BT 31.mai 2007. Responsen kom i form av to saker samt ein del debattinnlegg. Sakene og debattinnlegga er limt inn under dette debattinnlegget her i bloggen). Skal eg sjå på skoa mine i skam over å sei det eit stort antal nynorskbrukarar meiner i dag? Nei. Ikkje faen. Og eg har prinsessesko. Det er det ikkje alle som har. Eg trur ikkje gong dei stabbern gubbekjerringane som sit rundt omkring i fjordfylket ein gong hadde fått på seg slike sko. Gubber med prinsessesko? Skulle eg likt å sett ja;) Eg er skuffa over at nynorskfolk, her representert ved Magni Øvrebotten og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, må gripe til billig argumentasjon om skam