Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 25, 2008

Tromsø dag 2 medier

Eg liker ikkje anonyme leserbrev, men dei fungerer godt som vitsar. Klippa frå avisa Tromsø

Tromsø dag 2

I mandagens utgåve av fiskaren kan ein lese om vanskapt fisk, og spekulere i årsaka. Nordområdesatsinga har utgangspunkt i naturressursane i området, men ein kan lure på kva som kan bli konsekvensane for fiskeressursane. Seismikkskyting er for eksempel ikkje noko som går heilt stille for seg. .. så ein kan spekulere... Denne sinte dama traff eg langs vegen i Tromsø. Ho har hol inn i skallen der augene er, sånne stikkande djupe, trange, mørke auger... og like bortanfor traff eg ein isbjørn på bar. Den liker best Mack-øl, sa den. .. og eg ser her at Tromsøs varaordførar vel helst hadde sett at ho vart ordførar ved kommunevalget høsten 2007. Plakatane er rimelig standhaftige, det må eg sei, som har halde ut vind og ver i omtrent eit år. I dag har eg avdekka stadig nye perspektiver her i nord. Det er virkelig ei gullgruve av stoff eg vasser i, men eg kan ikkje drive å blåse sakene her i bloggen;)