Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten dyrevelferd

Skal bønder få behandle sjuke dyr sjølv?

Onsdag 24.juli gjekk debatten på NRK Sogn og Fjordane om korvidt norske bønder skal få tilgang til å behandle sjuke dyr utan at veterinær har vore på staden og stilt ein diagnose . Problemstillinga har vaka i kulissene lenge, og det er ei problemstilling som er verdt å diskutere. Som veterinær har eg arbeidd i Sverige i praksisområder med såkalt delegert behandling for gris og kjøtfe, det vil sei eigenbehandling, og eg vil fortelle litt om korleis dette fungerte.  Ordninga fungerer slik: bønder som er med på ordninga har tilgang til å behandle enkelte diagnoser på dyra sine sjølv, utan å kontakte veterinær og varsle om at dyret er sjukt. Bonden får også hente ut legemiddel, men kun visse preparat og kun til visse avgrensa diagnoser. Veterinæren kjem med nokre vekers mellomrom, tre til seks, litt avhengig av sjukdomsbilete og tilhøve på garden, ut til garden for å sjå over besetningen og gå gjennom medisinbruken. Alt må nøye loggførast. Det er fortrinnsvis dei større gardane...

Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk.

Kyr i lausdriftsfjøs. Like bra som beite, meiner mange.. Sol og sommar i Norge, men norske konvensjonelle melkekyr i lausdrift har ingen krav på å få kome ut på beite, ikkje ein gong krav på å få kome ut i ein luftegard. Tines melkekartongar viser kyr på beite, sjølvsagt, dei frir til forbrukar, men fakta er at kun 10 prosent av norske kyrs fôrinntak kjem frå beite. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen. Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk. Men det er denne tiprosenten med beite Tine bruker i si marknadsføring av melk og melkeprodukt: kyr på beite pregar melkekartongane saman med søte historier om ungar som steller dei. Norske kyr henta i 2012 43 prosent av matinntaket frå kraftfôr. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen. Eit autentisk bilete av kva norske kyr et, ville ha vore eit foto av soyaproduksjon i Brasil på melkekartongane. Eller kanskje eit bilete frå aust-Europa?   Fakta er: norske lausdr...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Går til skjermen!

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo . Video: Kjappe fakta om korleis halde kanin som kjæledyr på ein måte som er bra for kaninen.

Plastskrot på havet drep sjøfugl

Kvart år vert det plukka mange titals tonn søppel frå viker og bukter på Værlandet. Søpla kjem frå privatpersonar, oljeindustri og fiskeri. Du finn alt frå plastposar til støvlar og flasker. Sjøfugl som et plast går ein pinefull død i møte. På bileta brenn vi drivved og materiale, pallar og plankar. Nokre fulle i spiker som dei beitande villsauene eller folk kan trakke på. Moralen er: hiv ikkje søpla di på havet. Det ser stygt ut og gjer stor skade på fugle- og dyreliv    

Villsauenes rike er også natur-, fiske- og fugleparadis

Værlandet og Bulandet. Her møter ein havørn, oter, kobbe og sjøfugl kvar dag.

Brenning av lynghei

Brenning av lynhei gir fine sauebeiter. Gamal næringsfattig lyng brenn vekk og ny næringsrik veks opp og vert til gode villsaubeiter. Brenninga de ser bilete av er på Værlandet i Sogn og Fjordane. Ein brenn avgrensa områder, gjerne med naturlege avgrensingar som bergveggar og sund. Brannen er kontrollert. Lynghei er eit kulturlandskap skapt av beitedyr og brenning. Om ein ikkje brenn og beitar vil skog vekse opp og lyngheia bli overgrodd. På grunn av nedgang i antal beitedyr har mykje lynghei forsvunne og blitt erstatta av skog. Lese meir om villsau og sjå fleire foto frå Værlandet? Sjå dei to føregåande postane på bloggen.

Villsauhald langs kysten

Idag var eg med ut i båt og såg til villsauer på Værlandet. Vi traff blant anna tre hjort, havørna på nært hald to gonger, oter og tjeld. Fantastisk natur og dyreliv blant øyane. Så gjekk vi i land og såg til sauene. Kaffe var med. Her er fantastiske viker med sandbotn, øyer og strender. Litt info om villsau. Villsau er betegnelsen på sauer av rasen gammal norsk sau, Norges ursau, som lever ute heile året på kysten og beitar på lynghei. Nokre trur at slike utegangarsauer ikkje kan temmast, men det kan dei. Berre sjå bileta! Ved rett stell og handtering er dei like tamme som "vanlege sauer". Det er viktig å ta seg av og sjå til sauene sjølv om dei lever ute. Dei skal ha vaksiner og parasittbehandling, og ulla skal av. Om dei ikkje feller ulla, fleire rasar feller nemleg ulla sjølv, eller blir klipt, vert dei gåande med dobbel fell. Villsau skal ikkje berre overlatast til seg sj...