Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 12, 2012

Hamburger Trail - søppelmat langs norske turistvegar

Når ein køyrer langs norske vegar, blir ein av og til svolten. Naturen er fantastisk flott og ein stoppar for å ete litt. Men kva får ein servert? Jo hamburger. Sjå på biletet under. Det er frå fagre Fjærland. Og kva ligg på tallerken? Jo, ein minimal burger til ein drøy pris. Det er ein stor mismatch mellom natur og kva mat ein får. Langs vegen går kyr og sauer på beite, men når ein skal kjøpe mat er det pølser og burger. Er det pølser og burger som vert produsert i vakker norsk natur? Søppelmat frå rein og pen natur? Det er i tilfelle ein tragisk måte å forvalte ressursar på: omskape dei til søppel. Er det desse fine kyrne som har blitt kverna om til burger? Skammelig er det i tilfelle. Fjærland kunne ha vore ein hot spot for luksusturisme, men då må service og matkvalitet opp mange hakk.  Her er breen i Fjærland. Matcher den ein hamburger?? Hadde det ikkje vore triveligare å ete lokal kvalitetsmat i denne naturen, enn ei svidd pølse med ketsjup? Her