Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 4, 2010

Uganda, eit kort reisebrev

No er bloggen forsømt. Årsak: eg er i Uganda. Uganda er Afrikas perle seier dei. Det er på grunn av naturen. Her har dei Nilen og jungel og gorillaer. Det er dessutan billeg å reise hit, billeg å ete her, leve her, reise rundt her er ganske dyrt i grunn, trygt å bevege seg er det også, her er høner tett i tett stabla i bur langs veien. Etc. Det er eit utviklingsland, men om du vil til Afrika, er det eigentleg ingenting å lure på. Det er berre å reise nedover. Her er palmer og det er veldig digg å sitte ute og høyre på grashopper og hundeglam heile kvelden medan ein drikk kald Nile-øl til 2,50 kroner. Til no, desse siste tre fire dagane, har ein eigentleg berre slappa av og vore rundt i Kampala. Besøkte Makeere universitetet og det var eit svært område. Her hadde dei ein okse med ein halv kalv fastvoksen på ryggen. Altså eit slags misfoster. Det var eit underleg skue. To tvillingar der den eine har endt opp med å bere rundt på den andre resten av livet. Kyrne har ...