Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 19, 2011

Om å ta eigne valg, eller om å flytte ut på bygda

Sverige er eit fint land. Dei svenske nordområda er vakre, og her treff eg mange svenskar som har evakuert frå sör. Ein evakuerte fordi kona elska garden högare enn mannen. Han krangla med svigerdottera, og pakka til slutt sekken. No bur han på småbruk i Jämtland. Ein annan sakna snö om vinteren. Det var så mörkt i sör. Han deppa, sa opp jobben og drog mot nord på jakt etter eit betre liv, men ting vart ikkje betre. No får han angst av jobben, angst av tanken på å sei opp jobben og går til psykolog. Så har du dei som ikkje vil snakke om årsakene til at dei forlot Stockholm, Malmö, Göteborg og flytta til Jämtland, Härjedalen, Norrbotten, Västerbotten. Eg spör heller kor mykje dei betalte for garden, kva rase er hesten, korleis fann dei denne staden som ligg vakkert med utsikt over Storsjöen, den raude solnedgangen, storsjöormen, kirka som Olav den Heilages frendar bygde. Det angår i grunnen ikkje meg kvifor dei bur her. Forklaringane er mange på kvifor dei har flytta mot nord. Eg ha