Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 28, 2012

Barnebok med segner og gamle soger frå Sunnfjord, inspirert av Bakom synger skogene og Gøsta Berlings saga

Til hausten kjem som før blogga om, mi første barnebok. Historia er bygd opp rundt Elise som er med onkel Kalle på arbeid i sommarferien. Onkel Kalle er veterinær i ei gamal bygd full av gamle segner. Ein gamal hestekult har halde til her. Dei ofra hestar. Dette er slettes ikkje uvanleg. På fleire stader i Norden har dei frå førkristen tid funne beinrestar av hundrevis av hestar som har blitt ofra. Ein stad i Skåne fann dei over eit tonn med hesteknoklar, og i Osebergskipet i Norge blei det funne skjeletta etter fleire hestar . Hestane skulle frakte dei daude trygt fram til dødsriket. Boka kan bestillast her. Den kjem på Samlaget i slutten av august og kostar 199 kroner. Det er alt ein del som har bestilt den, så det blir ekstremt spennande å høyre kva folk synest. Las siste korrekturen idag. Vi kjenner til gamle hestekultar som brukte hingstar i hingstekampar og vinnaren vart ofra. Ein har funne nedgravne hestehovud under hjørnestolpar i gamle langhus. Alt dette kan du lære meir