Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 20, 2010

Tester nytt design på bloggen

Tja, er litt redd eg no "ser ut til å vere nærmare rosablogger" enn anna blogger, men dette er da eit meir "reelt bilde", ikkje eit oppstilt raddisbilde med fake briller, alla det gamle bloggbildet. TJA. Særs spekulativt om blondiner, i tråd med god gammaldags spekulasjonsvitenskap: Natural blonds are likely to be extinct within 200 years. .

Dyrisk psykologi

I mars kjem boka «The Male Brain » avden amerikanske nevropsykiateren Louanne Brizendine . Dette er ei bok alle kvinner besett av tanken på ein spesiell mann, må lese, står det i omtalen på Brizendines heimeside. Det står også at mannens hjerne er ei radmager, simpel problemløysingsmaskin. Ein manns hjerne er besett av rang og hierarki, skriv Brizendine. Eg er svært spent på å sjå kva dokumentasjon Brizendine kjem til å nytte. Mykje av evolusjonspsykologiens dokumentasjon for forklaring av menneskets åtferd kan nemleg seiast å vere særdeles spekulativ. Les kvifor evolusjonspsykologien er spekulativ, og heile signert-artikkelen min i helgas Klassekampen , side tre.