Per idag får lam og sau 90 prosent grovfôr (gras), og 10 prosent kraftfôr. Storfe får femti prosent grovfôr og kylling og gris får hundre prosent kraftfôr! Hundre prosent!!! Eg heldt eit innlegg på Bonde- og småbrukarlaget sitt møte om kvinner for rein mat 8.mars i Oslo, og her i bloggposten refererer eg til nokre av dei andre foredragshaldarane. Kosthaldsråd. Ein blir anbefalt kvitt kjøt, men kvitt kjøt er basert på kraftfor. Og kjøt produsert på kraftfor er langt farlegare for helsa di enn kjøt produsert på gras (sau, geit, ein del storfe). Kjøt frå kylling og gris inneheld for mykje arakidonsyre, og for lite Selen, ifølge Anna Haug, ernæringsfysiolog og førsteamuniensis ved UMB. Ho heldt eit innlegg om kvitt og raudt kjøt. Eg skal kome tilbake til dei helsemessige konsekvensane av dette. Les min kronikk Frå beite til bur" om korleis stadig større andelar av norsk kjøtproduksjon vert produsert av kraftfor og dyr i bur. Helsedirektoratet anbefaler maks 500 g raudt kj